16. november 2010

Stripeguten

I går kveld sydde eg i knappane, og i dag kunne Tryggve gå ut i verda i denne superfine genseren, som eg fekk lyst til å laga etter å ha sett denne kjekke karen. Eg byrja på genseren for ei god stund sidan, dvs. i vår ein gong, og eg hadde med meg den uferdige genseren på sjukehuset då eg skulle føda i juli, utan at det gjekk så veldig fort framover med strikkinga akkurat då ... Men no innsåg eg at eg måtte bli ferdig slik at guten rakk å gå med genseren medan han framleis passa. Fordi eg gjorde noko feil med raglanfellinga og måtte rekka opp kjempemykje, gav eg frå meg strikketøyet til strikke-maraton-eksperten Arnhild, som bur i naboblokka mi, og vips: På kort tid rekte ho opp og reparerte feilen/a, strikka ferdig genseren og festa til og med alle trådane (og ja, det blei ekstremt mange trådar). Så ho er delaktig i det fine resultatet.


Her ligg Tryggve og fektar i den fine genseren. Eg diggar fargekombinasjonane! Knappane er gjenbruk. Eg fekk eit syltetøyglas med brukte knappar av mamma i haust, og derifrå grov eg fram desse fem knappane som passa perfekt til genseren.

Oppskrifta er frå Drops garnstudio, og garnet er Drops alpaca, som i oppskrifta. 

7 kommentarer:

Mette sa...

For ein fin kar i fin genser. Striper er nesten alltid ein fulltreffar. Når strikkeprosjektet surnar heilt så er det ei lettelse å setja det bort til andre.

Tarjei Vågstøl sa...

Eg er imponert, både av tempoet og av at odelsguten allereie spaserer på eiga hand.

Strikk og tøys sa...

Så fin genser, og for en kjekk kar! Fantastisk :-D

Torunn sa...

Flott gensar og ein nydeleg liten krabat!!

Ragnhild sa...

Takk for fine kommentarar! Eg kan tilrå alle strikkeglade å strikka genseren – det var eit veldig kjekt prosjekt (bortsett frå då eg stod fast ...). Ja, Tarjei, guten spaserer med litt hjelp;-)

Frøken Paris sa...

Saa fin genser! Lenge siden sist jeg har vaert paa besök her og du har jo blitt mamma! Gratulerer med lille Tryggve! Takk for fin kommentar inne hos meg. Sofaen er fra... tamtaratam IKEA! Men jeg saa nylig at den blaafargen ikke er i butikken lenger, kanskje det ikke er saa mange av oss som synes den er fin... Ha en fin kveld!

Nina sa...

Så fin!