17. april 2010

Endeleg!

Hennig Olsen har kome ein heilt ny is – med glutenfri kjeks! Eg har sakna å kjøpa meg småis med kjeks som eg toler, så dette var verkeleg gode nyhende. Kjeksen er laga av maismjøl, og sjølv om det er ein smule smør på flesk å skriva "glutenfri maiskjeks" utanpå innpakninga, er det likevel fint at dei skriv tydeleg at kjeksen er glutenfri.

Eg testa ut isen i kveld, og han smakte utruleg godt! Smaken minner litt om Smash-sjokoladen (som eg elskar) – her er det både saltsmak og søtsmak i ein herleg miks. Midt inne i iskremen er det karamell, og det er karamellen som gir saltsmaken, trur eg.
Det er også diggbart at isen inneheld så mykje sjokolade, både på toppen og i botnen. Eg tilrår alle å testa ut denne isen!

4 kommentarer:

Torunn sa...

Så bra at dei har laga det!! Trur nok eg må teste den ut ein gong. Såg og høyres veldig god ut! Nyt den! Ha ein fin søndag.

wine-fueled narcissism sa...

Hurra! Det er en kjempegod nyhet. Også for de som tåler gluten. Smash-is høres jo veldig godt ut. :)

Ragnhild sa...

Denne isen er god for alle ganer - anten ein har cøliaki eller ikkje:-)

Rangla sa...

Mmmm... Ein is med Smash-smak er jo heilt strålande! Eg har ein "award" til deg i bloggen min :-) Ha ein fortsatt fin fredag!