7. november 2009

Ein ny favoritt!

Eg har aldri funne ein frisør som eg er 100 prosent nøgd med. Difor går det lang tid mellom kvar hårklipp. Eg har opplevd det meste:
  • dei som er mest opptekne av å høyra si eiga røyst (og som i tillegg snakkar om emne eg ikkje interesserer meg for)
  • dei som ler falskt og har falskt smil
  • dei som er så überkule at eg kjenner meg som ei 50 år gammal dame
  • dei som eg er redde for skal klippa av meg øyro eller andre kroppsdelar
  • dei som stiller ekstremt mange spørsmål utan å eigentleg høyra på kva eg svarar
  • dei som luktar røyk
  • dei som brukar ekstremt lang tid
  • dei som berre klipper 1 cm når eg har sagt 5 cm (men som likevel brukar laaang tid)
  • dei som ikkje greier å gi hårtips utan å prøva å prakka på meg tusenvis av produkt som eg ikkje er interessert i
  • dei som serverer bedriten kaffi
  • dei som prøver å prakka på meg ny timeavtale når seansen er over
Men i dag har eg funne Den Perfekte Frisøren! Eg er så glad!!! Trude på Balanzera i Sofienberggata oppfyller ingen av kriteria over. Ho brukar økologiske produkt, noko som jo er grunn nok i seg sjølv til å gå dit. I tillegg får du beroligande musikk over høgtalarane (inkludert fuglekvitring), tilbod om ryggmassasje når håret blir vaska, ho høyrer på hårynskja dine, ho gir gode og fornuftige råd og tips, ho driv ikkje og prakkar på deg produkt, ho tilbyr fotbad, hovudmassasje, te/kaffi (teen eg fekk, var fantastisk god), eple, ho stiller ikkje fullt av spørsmål, ho er effektiv, ho er dyktig med saksa ... Og som om ikkje det var nok: Ho skriv nynorsk på nettstaden sin! Sjølv om det er litt rusten nynorsk, blir eg berre imponert, altså. Her er det intensjonen som tel! Nynorsk i næringslivet er ikkje akkurat utbreidd. Så dette er ein frisør som tenkjer medvite gjennom alt ho gjer, og som ikkje er ute etter å følgja straumen, verken når det gjeld trendar eller andre ting. Noko som er eksakt etter mitt hjarte. Så om du bur i Oslo, veit du kvar du bør klippa deg neste gong. Du kan bestilla time over nettsida og kryssa av for det du vil ha. Du kjem ikkje til å angra.

Ah, ein perfekt laurdag.

5 kommentarer:

Kort og Søm sa...

Så bra!! :o)
Ha en forsatt god lørdag, Fredrikke :o)

Ragnhild sa...

Takk det same!:-)

rypa sa...

Jøss. Eg las nedover posten din og all lovtalen, og tenkte: Høh, det manglar berre at ho marknadsfører seg på nynorsk.. og der kom det!! Du kan helse henne at ho har fått seg ein kunde i Jostedalen som likar å gå til frisøren når ho er på vitjing i dei store byane.

6p00d8341d76da53ef sa...

Hurra! Då veit eg kva eg skal prøve neste gong, for eg har og vore gjennom ein del av punkta på lista... :-)

wine-fueled narcissism sa...

Hehe, jeg kjenner meg veeeldig igjen i de punktene dine. Det absolutt verste er de som får deg til å føle deg som en gammel kjerring, bare fordi de har syrebleka jeans og hanekam. Og de som slafser tyggis mens de klipper! Gosj.. nei, det høres ut som om jeg skal ta din anbefaling neste gang. :)