24. juli 2007

Milepæl

I dag meldte eg og gubben oss inn i Smart Club! Dette er definitivt den nye yndlingsen. Smart Club ser ut som eit forstørra Domus (den gongen det eksisterte), berre at det gode merke der (som er billige!). Aldri har vi vel vore på ein og same plass og fylt handlevogna med så mange ulike varer:

1 stk lett og perfekt allværsjakke (Columbia)
1 stk fotoalbum
1 flaske glutenfritt øl (Smart Club = den glutenfrie himmelen)
2 pakkar glutenfri havregryn
2 flasker Palmolive flytande handsåpe (umogleg å kjøpa berre ei flaske)
1 flaske Redken shampo (kostar ca ein million hjå frisøren)
1 flaske Redken balsam (kostar òg ein million hjå frisøren)
2 stk Stormberg fleece-jakker (vi kjøpte IKKJE i same farge, altså)
1 stk ullundertøy-trøye med høg hals
1 bok: Østmarka
1 stk king size-tannkremtube
1 boks tomatbønner
1 gigapakke spekeskinke
1 stk turkopp
1 flaske Lerum-saft med eple&pæresmak
8 dorullar (i ein pakke, altså)
1 pose salte krispy-snacks

Vi var på nippet til å kjøpa vaskemaskin òg, men heldt oss i skinnet.

3 kommentarer:

Marit sa...

Ja, er det ikkje det dei seier, at Smart Club er Domus for middelklassa?

Eva Marie sa...

Eg set stor pris på at du understreka at dorullane var i ein pakke. Det kan eg også kjøpa, på nærbutikken. :)

Ragnhild sa...

Dei hadde dorullpakkar på storleik med ein container òg; eg trur vi må prøva det no når vi har så stor bod!