Til forskjell frå mange gamle bruktkjolar er han ikkje laga av tjukt, syntetisk materiale. Han er laga i eit superlett og fluffy tøystoff, perfekt til varme sommardagar! Og fargane er jo dritfine! Anar ikkje kva tøystoff det er, for han inneheld ingen vaskelapp. Dette er nemleg ein heimesydd kjole! Det er lett å sjå på saumane også. Endå ein grunn til at eg fall pladask. Kven har sydd denne kjolen? Kven har brukt han? Eg trur syerska har sydd ein del, for det er nøyaktige saumar. Og kjolen ser velbrukt ut, utan at han er utsliten.Det er knyting bak:
Eg må sy han litt inn i sidene, og så må eg leggja han opp 5 cm, men det er no det minste problemet. Han er perfekt!Ein detalj frå bringa:
Eg har eigentleg aldri vore særleg hypp på å sjå ut som ein sommarfugl, men desse ermane godtok eg, trass i at det er hakket før ein lettar i kjolen. Eg likte veldig godt det høge, stramme livet i kombinasjon med ermane. Herleg snitt, rett og slett! Og tanken på at ein SÅ fin heimesydd kjole lever vidare, er sjølvsagt den aller beste!











