5. november 2012

Om forholdet mitt til matte

Eg hugsar lukta av den første matteboka mi. Eg fann boka på mørkeloftet for ikkje lenge sidan, og lukta var framleis der. Det rare var eg kjende att fleire av oppgåvene. Eg kjende att teikningane av "færre enn" og "fleire enn". Eg har teikna fire høner, som er færre enn fem høner. Og eg har teikna tre egg, som er fleire enn to egg. Og så kjem eg til nøtta. Eg hugsar det så godt. Det er ei teikning av ein rev. Han ser lur ut. Han skal lura meg. Her er han:


Færre enn ein rev? Kva i alle dagar blir det? Eg hugsar eg tenkte veldig på at det måtte vera noko i den ruta. Og eg blei heilt sett ut av augo til den lure reven. Kva er det han veit som eg ikkje veit? Eg hugsar ikkje korleis eg greidde å løysa oppgåva, men eg trur nok eg fekk hjelp av mamma. Eg hugsar i alle fall frustrasjonen. I vaksen alder har eg gått og innbilt meg at eg teikna ein sko i den ruta, og at eg ikkje fekk eit smilefjes, men eit streksmilefjes. Men det gjorde eg altså ikkje, merkeleg nok.

Det var her på side 3 i den aller første matteboka mi eg forstod at matte var eit lurefag. Lureoppgåva kjem alltid til slutt, når du trur du har forstått alt. Då gjeld det å svara det motsette av det du trur er rett, for du kan umogleg ha rett. Dersom du svarar det du trur er rett, blir du lurt.

Ingen kommentarer: