25. mars 2009

Vi treng butikkar

Eg har nettopp vore på Sømmelig og handla så utruleg fine ting! 2 stk gamle, mjuke, grønblomstrete dynetrekk, gammal tapet (kan brukast som innpakningspapir), ein rull med raudt bomullstøystoff, 1 sett små, gule gardiner, ei fin skål med roser på, ein løpar, ein stoppesokk-dings, stoppetråd, knappar, sitronte og symaskinnåler:

Men gleda over alle dei fine tinga eg fann, har ein bismak. Eg kjøpte så å seia alt til halv pris. Fordi fine, fine Sømmelig skal avviklast! Det gjekk ikkje rundt økonomisk, rett og slett. Ikkje ein gong i Oslo.

Sømmelig var ein unik butikk som ikkje fanst på kvart eit gatehjørne. Likevel hadde Sømmelig alt ein trong til heimen. Og meir til. Ein kunne drikka kaffi i ein gammal, mjuk lenestol, læra å sy, strikka, lesa i vekeblad frå 60-talet, få tips til korleis ein kunne bruka gamle ting på nye måtar, bli inspirert av gamle kjolemønster, mimra tilbake til barndommen og rett og slett innsjå at det er minst like bra å kjøpa brukte som heilt nye ting. Det å leggja att pengar i butikken gav meg godt samvit. Eg kjende eg støtta noko bra og viktig i denne verda. I motsetnad til kva eg kjenner når eg kjøper rusk og rask på IKEA.

Verda treng gründerar som Agneta og butikkar som Sømmelig! Og med det vil eg oppmoda alle som er i Oslo om å stikka innom Sømmelig i Nordahl Bruns gt. 13 og hjelpa Agneta med å få omsetnad for alle varene. Eg garanterer at du både finn ting til deg sjølv og ting til å gje bort. Ting som har ei historie. Kvifor ikkje kjøpa julegåvene allereie no?

Ingen kommentarer: