18. oktober 2008

Ekorngenser!



Dette er det nye strikkeprosjektet mitt. Ein ekorngenser! Eg fall pladask då eg såg det fine mønsteret. Eg tenkte med ein gong på dei søte ekornungane i hagen til mamma og pappa, på hausten, haustfargar, på leik og gaman i skog og mark i barndommen ... i det heile teke gav mønsteret og fargane meg gode assosiasjonar. Det er litt kjipt at eg må strikka med babyull frå Dalegarn. Garnet kjennest så utruleg glatt og behandla ut. Og ein skal strikka med pinnar i storleikane 2 og 2,5. (2 er dei tynnaste pinnane som finst ...) Altså går det veldig saaakte å strikka (heldigvis er det storleik 6 md). Men eg har byrja! Og eg gler meg til eg skal strikka ekorna og til eg skal festa dei fine, oransje nøttene.

8 kommentarer:

Anonymous sa...

Fantastisk fin ikorn-gensar. Denne gensaren vert det største strikkeprosjektet i Kampheimvegen so langt - synd han ikkje kjem i storleik Medium ;)

Gudrun sa...

Det var ein utruleg fin genser!

Ragnhild sa...

Ja, Gudrun, kanskje Dagny har lyst på ein slik ein?:-)

Gudrun sa...

Ja, det er eg heilt sikker på. Ho likar ekorn veldig godt

Kort og Søm sa...

Hei,
den genseren så kjempe fin ut! Den gensertypen er fin å strikke, man slipper jo montering av ermer! :o)

Hilsen Kort&Søm

Fivrel sa...

Åå, fin genser!! Eg au vil ha :-) Men eg er samd i deg med det der Dalegarnet, skummelt glatt og glinsande etter mi meining... Men ikonn er herlege dyr og ein skal difor ikkje sjå bort i frå at det vil vere mogeleg å tilpasse mønsteret til Askelad-, Bånsull- eller Leine Merinoull ein dag i framtida ;-)

Ragnhild sa...

Gudrun: du får setja i gong og strikka:-)

Kort og søm: ja, montering er fint å sleppa ...

Fivrel: jeps, eg veit ... men eg måtte kjøpa garn for å kjøpa oppskriftsheftet, og så var eg så utolmodig etter å byrja, så då kjøpte eg alt garnet. Angrar!

Gudrun sa...

sånn er det vel, men det kjem eg nok aldri til å gjera. eg er for trøytt og lat og gidd berre strikka ting som eg har funne på sjølv. Eg får prøva å senda biletet til svigermor og sjå kva som skjer