Dette er nokre av favorittkoreografiane og favorittdansarane mine frå ulike sesongar av So you think you can dance. Dei største favorittane var Katee i 2008 og Russell i 2009. Sjå og nyt!
26. januar 2010
24. januar 2010
Craft Hope for Haiti
Eg tenkte eigentleg å blogga om alle dei fargerike knappane eg har kjøpt på Etsy og Epla den siste tida, men det får bli seinare. For no kom eg over Craft Hope, der du anten kan donera ting du har laga eller kjøpa heimelaga ting av andre, og der inntektene går til Leger uten grenser på Haiti. Dei har hatt ulike støtteprosjekt, blant anna for heimlause ungar, men no er det altså den akutte krisa på Haiti det blir samla inn pengar til. Dei sel tinga på Etsy, men eg ser no at dei tok ein pause 20. januar, og då hadde dei fått inn $20.000 til Leger uten grenser. Det er rundt 115.000 kr og fortel litt om kor mykje det er mogleg å samla inn på kort tid. Så all ære til Craft Hope! Her skal eg innom igjen.
Men berre så det er sagt: Det er sjølvsagt ikkje for seint å støtta Haiti. Det vil eg oppmoda alle om å gjera. Det er veldig enkelt. Klikk her:
Kirkens Nødhjelp
Røde Kors
Unicef
Leger uten grenser
SOS-barnebyer
Flyktninghjelpen

11. januar 2010
Kva snø er best?
... av denne snøen:
... og denne snøen:
Ja, det er vel ikkje mykje tvil. Eg likar best den diskré snøen. Og snøen som gjer det farbart for oss menneske, men som samtsundes er i sitt rette element. I naturen.
9. januar 2010
Oransj!
Eg har blitt veldig glad i oransje den siste tida. Rett før jul kjøpte vi oss omsider taklampe til stova. Etter å ha budd i kåken i 2,5 år utan eit einaste straumuttak i stovetaket (og dermed utan taklampe), fekk vi endeleg elektrikar på besøk på nyåret, som fiksa både uttak og oppheng av lampe.
Lampejakta varte vel i 2,5 år, og det var ikkje moro. Men til slutt fann vi henne. Lampa blei designa av sjølvaste Piet Hein i 1929. Han var ikkje berre flnk med ord, han var eit geni på funksjonell design også. Denne lampa er eit godt døme på det. Ho gir veldig godt lys, og eg blir glad av å sjå på henne. I motsetnad til alle dei tusen lampene vi såg på før vi kjøpte denne. Lampa finst både i raud, blå, grøn, svart, kvitt, off-white og oransje, men valet var ganske enkelt. Vi har så mykje grønt og blått i kåken, så vi måtte berre ha ein kontrastfarge som går fint til grønt og blått. Og då blei det oransje, sidan svart og kvit er keisamt, og raudt er ein smule skrikande.
På bordet under ser vi, i tillegg til litt rot, korleis det siste strikkeprosjektet mitt står i stil til den fine lampa.
Eg strikka den same jakka i brunt, gult og grått ein gong før – sjekk ut her. Eg diggar denne oppskrifta, så eg måtte strikka ei til. Det går superfort å strikka henne.

Blåfargen er i angoraull frå Nøstebarn, og det er mjukare enn merinoulla derifrå. Veldig godt garn å strikka med!
Eg sydde i nokre kjempesøte knappar (kjøpt på Nøstebarn), som det står "klok", "smukk", "ull" og "unge" på, sidan den komande eigaren av jakka høgst truleg er ein klok og smukk ullunge.
I og med at eg er inne i ei oransje bølgje, lurar eg på om det kanskje gjer at det er enklare å fullføra det oransje strikkeprosjektet eg starta på til meg sjølv for snart eitt år sidan. Det er ei undertrøye til meg sjølv, og det stoppa heilt opp då eg stod fast på ermefellingane. Denne oppskrifta er også frå Strikk til nøstebarn, men ikkje like god som stripejakka. For det første er det feil i oppskrifta, og for det andre er det dårlege forklaringar. Grrr, då blir eg sint.
Til slutt: Favorittmiddagen for tida er sjølvsagt også i riktig farge. Det er gulrotsuppe frå den fantastiske kokeboka Aktivistens kokebok, som eg vil rå alle til å kjøpa. Perfekt og enkel middag å laga når ein kjem inn frå den bitande vinterkulda.
3. januar 2010
– Er du norsk?
Dette spørsmålet fekk eg fleire gonger dei første dagane som fersk lærar for 8- og 9-årige (norske) elevar i haust. Ikkje fordi eg var brun i huda, for eg er kvitare enn kvit. Men fordi det truleg høyrdest ut for dei som om eg snakka gebrokkent norsk. Eg måtte forklara dei at det heitte nordmørsdialekt. I morgon byrjar eg i ny jobb som norsklærar for vaksne innvandrarar, og då må eg nok leggja av meg alt det nordmørske. Så slepp eg i alle fall (ironisk nok) å få det spørsmålet.
26. desember 2009
Kjoleprosjekt ferdig!
Det er eigentleg ei stund sidan eg blei ferdig med kjolen. Eg trur det var i november ein gong. Då eg tok dette crappy mobilbiletet, hadde eg enno ikkje dampa hals- og ermekantane. Dei blei nemleg ganske krøllete etter at eg hekla to omgangar med fastmasker rundt til slutt. Kjolen blei god og varm, i alle fall, og han har kjempefin passform. Eg hadde han på på julaftan, og utpå kvelden måtte eg vrengja han av meg og naut fridomen i berre topp og strømpebukse. Kjolen var faktisk veldig enkel og grei å strikka, og det gjekk ganske fort (eg byrja i august og strikka i rykk og napp), men eg måtte få hjelp til å tolka oppskrifta mot slutten. Takk til Torunn for gode forklaringar! Kjolen kjem nok til å bli brukt til kvardags òg, i alle fall no når det er meldt så kalde dagar i hovudstaden.
22. desember 2009
Jula 1976
Eg og pappa og eit spinkelt og merkeleg pynta juletre. Fleire av juletrekorgene er framleis i bruk.
(Eg har gjort nokre innstillingar slik at eg endeleg kan posta digre foto på bloggen. Herleg!)
Førjulstankar
Det har vore dårleg med blogging i desember, gitt, sjølv om eg eigentleg har hatt god tid til å blogga. Og eg har hatt nok av emne å blogga om. Og då tenkjer eg ikkje først og fremst på emne som har med handarbeid og andre diller å gjera. Det som irriterer meg oftare og oftare, er at eg ikkje kan skriva kva som helst her inne. Det å blogga om strikking og mat og daglege syslar er ganske snilt samanlikna med kva eg eigentleg har lyst til å blogga om mange gonger. Eg har mykje på hjartet om andre emne også ... emne som engasjerer meg, som provoserer meg – emne som gjer at eg får ein enorm trong til å uttrykkja meiningane mine. Det er ofte vanskeleg å vita kvar grensa går mellom kva eg kan seia og ikkje. Eg har fått mange nye tankar om norsk skule, f.eks., etter å ha arbeidd som lærar i haust. Men det er ikkje så lurt å skriva alle tankane mine når alle kan lesa det – foreldre, lærarar (elevane er nok ikkje så gode på å finna fram på det store Internettet enno) ... Innimellom lurar eg på om eg må venta til eg blir pensjonist med å ytra meg. Det er litt keisamt å venta. Og når eg blir pensjonist, er eg sikkert ikkje så sint lenger, heller. Og ingen bryr seg om kva pensjonistar seier. Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjera. Eg skal tenkja på det.
7. desember 2009
Favorittmåltidet mitt
Ja, det er nysteikt kaksjiv (den aller første skiva, dvs skalken) med mykje smør på (Bremykt) som smeltar når du smør på. Eg har lagt ut brødoppskrifta på bloggen ein gong før, men sidan den gongen har eg justert litt på henne, så her kjem ei oppdatert og forbetra oppskrift.
Namnamnam, dette blir eit ekstremt saftig og ekstremt smakfullt brød, og det utan eit fnugg av kveitemjøl, bygg eller rug i! DET er nesten det mest fantastiske av alt. Og det held seg saftig i fleire dagar.
Oppskrift på verdas beste glutenfrie brød – eit brød som er urørt av menneskehender heilt til du skjer den første saftige skiva
Til eitt brød treng du (eg brukar økologiske råvarer):
Til eitt brød treng du (eg brukar økologiske råvarer):
- 5 dl oppvarma lett- eller ekstra lett-mjølk som er ein del varmare enn 37 grader viss du brukar tørrgjær, nok eg brukar
- 2 ss fiberhusk/psylliumfrøskal (dette skal du blanda i litt av den varme mjølka og lat svella i 5 min – men eg trur ikkje at dette er eit must for å få eit saftig brød, for eg har så mykje anna saftig i brødet)
- 1 pk tørrgjær
- 1 pk grov glutenfri mjølmiks frå Toro (eg likar den frå Toro betre enn Semper sin, for med Toro sin kan eg ha oppi så masse digg utan at eg må miksa saman til to brød. Semper-miksen er altså større.)
- 1 dæsj glutenfri havregryn
- 1 dæsj linfrø
- 1 stor dæsj graskarkjernar
- 1 dæsj sesamfrø
- 1 dæsj havregryn
- 1 dæsj riven kvitost
- 1 raspa gulrot
- 1 liten dæsj jyttemjøl/teffmjøl (veldig fiberrikt) eller anna glutenfritt mjøl som f.eks quinuamjøl (veldig næringsrikt)
- 1 liten dæsj pofiber
- 1 dæsj hasselnøtter
- 1 dæsj valnøtter
- 1 egg
- 1 ss mørk sirup
- 1 bitteliten dæsj salt
- 1 dæsj fennikelfrø (gir sterk smak viss du tek oppi ein stor dæsj, så prøv deg fram) eller andre urtemiksblandingar for brød
- 1 liten dæsj hampfrø utan skal (dette er noko nytt eg testar ut)
- Set omnen på 200 grader.
- Varm opp mjølka og bland fiberhusken i litt av mjølka, slik at han sveller medan du gjer resten (ikkje rør ut husken, det blir berre klumpar). Det er lurt å la mjølka bli ganske så varm, slik at ho ikkje rekk å bli kald medan du gjer resten.
- Ganske enkelt: Hell Toro-miksen i bakebollen, og ta deretter oppi alle dei andre ingrediensane. Ta så store dæsjar du vil av ingrediensane som det står "dæsj" på (dersom du ikkje har alle ingrediensane: ta det du har), hell i væska og husk-væskemiksen til slutt og elt alt i kjøkkenmaskin i ca. 5-7 min. Spe på med varmt vatn viss det blir tørt. Deiga skal vera ganske seig, men fast (IKKJE tørr!). Eg har ein tendens til å ta i masse frø og digg, så eg må ofte ha i litt ekstra væske mot slutten:-)
- Ha deiga i brødform (eg synest bakepapir funkar best, men du kan sikkert smørja forma også) og bruk sleikepott til å stappa deiga på plass.
- Tøm graskarkjernar eller valmuefrø oppå brødet og trykk dei fast. Hev brødet i 20–30 min under tørkle, oppå steikeplata, slik at varmen frå omnen stig opp.
- Set brødet på rist nedst i omnen og steik det i 45 minutt. MEN obs: Steiketida er avhengig av kva omn du har. Nokre må kanskje bruka ein time, andre 30 minutt. Min brukar 45–50 minutt. Sjå på brødet undervegs og legg folie på toppen av brødet dersom det ser veldig mørkt ut. Når skorpa på undersida er sprø og har ein lekker farge, er det ferdig.
- Ta brødet ut av forma med ein gong du tek det ut av omnen og pakk det laust inn i eit tørkle.
Namnamnam, dette blir eit ekstremt saftig og ekstremt smakfullt brød, og det utan eit fnugg av kveitemjøl, bygg eller rug i! DET er nesten det mest fantastiske av alt. Og det held seg saftig i fleire dagar.
1. desember 2009
1. desember
Spasertur rundt Kalvøya, kakaodrikking og fortæring av peparkaker på ein benk i sola ... Ikkje akkurat så veldig mykje snø og julestemning på denne første dagen i desember. Men perfekt likevel.
25. november 2009
Korleis sprita opp tomatsuppa
Eg er glad i suppe. Men for at eg skal bli mett, må eg alltid ha masse stæsj oppi suppa. Oppsprita tomatsuppe har blitt ein stor favoritt i heimen her den siste tida.
Aller først: det aller, aller beste utgangspunktet for å laga tomatsuppe på, finn du i denne posen. Når du kjøper denne, har du tomatsuppe lenge. Du tek berre så mykje pulver som du treng. Pulveret inneheld verken gluten, mjølk, soya eller egg og er dermed perfekt for mange slags allergikarar. Og det beste av alt: Suppa gir ein mykje fyldigare smak enn dei små tomatsuppeposane gjer.
Uansett: Oppskrifta er superenkel. Når pulveret og vatnet har hamna i kasserollen, er det berre å ha oppi det du måtte ynskja av dette (ta det du finn i kjøleskåpet – perfekt for å bli kvitt restar):
Her ser du dagens resultat:
Dersom du ser godt etter, kan du sjå ein annan stor favoritt for tida: bokstavpasta! Eg ser i alle fall fleire bokstavar. Denne pastaen er perfekt fordi han treng så kort koketid. Og så er det mykje kjekkare å eta når det er bokstavar i maten.
Vi brukar alltid å laga ein stor suppeporsjon, slik at vi kan varma opp restar seinare. Suppa smakar nemleg minst like godt dagen etter.

- gulrøtter
- kålrot
- sjampinjong
- kylling- og kalkunpølse
- selleri
- pasta
- brokkoli
Her ser du dagens resultat:
Dersom du ser godt etter, kan du sjå ein annan stor favoritt for tida: bokstavpasta! Eg ser i alle fall fleire bokstavar. Denne pastaen er perfekt fordi han treng så kort koketid. Og så er det mykje kjekkare å eta når det er bokstavar i maten.
Vi brukar alltid å laga ein stor suppeporsjon, slik at vi kan varma opp restar seinare. Suppa smakar nemleg minst like godt dagen etter.
23. november 2009
Julegåveproduksjonen er i gang!
Dette byrja eg å strikka på i kveld, og det går unna! Eg strikkar med dobbel tråd Mandarin petit, og det er kanskje mogleg å sjå kva det skal bli, men det er ikkje mogleg å sjå kven som skal få gåva:-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)