19. januar 2014

Nytt kamera

Eg er veldig glad i å ta bilete. Etter at kameraet mitt (frå 2007) byrja å oppføra seg dårleg mot meg, i tillegg til at det blei knust på den eine sida då det datt i golvet i jula, var det openbert at eg måtte eg ha nytt. Etter mange og lange surferundar enda eg opp med eit systemkamera frå Olympus. Eg gjekk over frå spegelrefleks til systemkamera for å sleppa drassa rundt på tungt kamera. Overgangen var større enn eg trudde. Eg blei litt skuffa med det same, men eg trur det går seg til. Det er jo alltid uvant med nytt kamera, og i tillegg er det uvant at det er litt annleis å ta bilete. Men det er sjeldan kameraet sin feil dersom bilete blir dårlege, så her er det berre å øva seg. I dag har eg gått rundt og knipsa utan å tenkja så nøye gjennom kva eg tek bilete av – for å testa ulike objektiv og funksjonar, og no har eg lasta inn bileta. Og då fann eg ut at sjølv om motiva var litt føremålslause, så var dei litt fine òg. Her kjem eit biletras frå kvardagen i vest ein litt lat søndag i januar.






















2 kommentarer:

Ingvild S L sa...

Flotte fotos, jeg er på jakt etter et nytt kamera!
Hva slags type har du kjøpt?

Ragnhild sa...

Hei, og takk for det!

Eg kjøpte Olympus OM-D E-M5, dette: http://www.fotovideo.no/foto/Speill%C3%B8st/Olympus/Olympus-OM-D-E-M5-Kamerahus-16-Mp--m--s%C3%B8ker--HD-video--ISO-25-600-129246-p0000151370.

Eg kjøpte kitet med 14-42-objektiv, og så kjøpte eg eitt til på 45 mm.

På dei aller fleste bileta eg har lagt ut, har eg brukt objektivet med 45 mm. Lukke til!