Mellom oss sagt av Marit Eikemo (Samlaget) er debutromanen hennar, og ho skal eg definitivt lesa meir av! Boka handlar om Regine. Ho bur i Bergen og arbeider på Aetat (dette er før NAV). Ho bur åleine og kjenner seg ganske einsam, og det går ganske så dårleg på mange område i livet. Likevel er ikkje boka berre supertrist. Ho inneheld ein fin miks av alvor og humor, ho er både trist og lett på same tid. Frå forlagets omtale av boka:Mellom oss sagt er ei vittig og skarp, tragisk og sår skildring av venskap og einsemd, om suget etter å høyre til – og om fellesskapets klaustrofobi. Med nittitalet som nært bakteppe, handlar romanen om strevet med å finne seg ein plass i dagens Norge.
Kanskje ein bagatell, men eg diggar bokomslaget! Les, les!
Andre bøker av Marit Eikemo finn du her.
2 kommentarer:
Tusen takk for boktips. ;) Ønskjer deg ein fin søndag.
Takk for det, sjølv om det er ei stund sidan:-)
Legg inn en kommentar