29. mai 2011

Om magekjensle

Det er så mykje ein ikkje veit når ein blir mor for første gong. Så ein kjøper bøker. Ein låner bøker. Googlar og surfar. Ein spør venner med baby. Ein spør på helsestasjonen. Ein vil så gjerne vita kva som er riktig å gjera og ikkje. Ein er redd for å gjera feil.

Eg hugsar at alt var veldig skummelt i starten. Heile tida lurte eg på om det vi gjorde, var riktig eller ikkje. Etter 10.5 månad er eg no klar for ei oppsummering: Det viktigaste eg har lært, er at det ikkje finst fasitsvar på alt. Særleg når det gjeld svevn og korleis ein skal få ungen til å sovna og sova.

Eg har funne ut at ein kjem langt med magekjensla. Eller intuisjonen, om ein vil. Instinkt. Når poden vaknar om natta og byrjar reisa seg i senga, babla og styra på (noko som ofte skjer for tida) – i staden for å tenkja: Å nei, kva meiner fagfolket er riktig å gjera her? Kva gjer alle andre i ein slik situasjon? – tenkjer eg: Ut i frå korleis eg kjenner denne fine veslingen, kva er det han vil no? Viss det var eg som gjorde det same, kva ville eg då ha likt? Det er jo ikkje alltid så lett å vita kva svaret er, men ofte heng løysinga saman med magekjensla mi. Og magekjensla mi seier ofte: Ta han opp! Ver nær han! Så då får han liggja i senga vår. Og rulla rundt på meg (medan eg latar som om eg søv) til han sovnar med hovudet på magen min. Eller han får pupp dersom det kjem mange misnøgde lydar. Resultat: nøgd baby og nøgd mor. (Og nei, eg trur ikkje at han/vi då kjem til å halda fram med å gjera dette til han blir 10 år.)

Det interessante er at enkelte fagfolk og magekjensla mi ikkje er einige. Ein kan berre la ungen skrika om natta. Ein bør ikkje ta han opp om natta. Og ein bør for all del ikkje gje ungen pupp om natta når han får fast føde på dagen.

Magekjensla mi fortel meg at sonen min blir trygg og roar seg når han får nærleik. Anten det er i beresjal eller i same seng som mor og far. Eg har møtt så mange mødre i løpet av desse månadene som er så redde for å gjera det motsette av det ”alle andre” seier. (Dette gjeld ikkje berre soving, men veldig mange andre ting også.) Så om du er nybakt mor for første gong og les dette: Slapp av! Magekjensla mi fortel meg at det sjeldan blir feil når ein gjer det ein kjenner er riktig å gjera.

Dette er ei veldig fin bok om svevn, og som magekjensla mi likar. Bør særleg lesast av helsesystre og alle andre som gir råd til kunnskapstørste mødre og fedre.

Tryggve der han sovna aller fortast og best då han var tre månader gammal: i beresjal på magen min. 

6 kommentarer:

Stine Marie sa...

Nydelig innlegg Ragnhild, enig med deg!:)

Frøken Paris sa...

Fine ord:)

Ragnhild sa...

Takk, finingar!

Love and vegetables sa...

hei!
liker bloggen din, og liker veldig det innlegget! jeg har to barn, og har fulgt mage- og hjertefølelsen med begge. og ja, de sover hele natta nå, og de spiser om dagen, og de er ganske så fine og normale og velfungerende barn begge to. de er trygge, og de vet at vi er der og passer på dem. og dermed blir de også selvstendige.
det viktigste jeg har lært, er at ingenting er krise! bare man følger instinktene sine, og problemfaser går alltid over. mammalivet er alltid i endring! og det er fantastisk, selv i de tøffe tidene. synes jeg!

velkommen til min blogg, forresten!
*maria

Tøybleiemamma? sa...

så enig, så enig! Nydelig bilde av dere forresten!

Ragnhild sa...

Fine ord, Maria! Bloggen din er med dette lagra;-)

Takk, tøybleiemamma:-)