29. desember 2010

Frå mørkeloftet #10

To nissar kjem fram frå mørkret kvar jul. Den eine nissen står oppe på pianoet og ser skummel ut, med bjørkeris i handa og morske augebryn. (Den raude nasen er ikkje så veldig skummel, skjønar ikkje heilt kvifor han ser slik ut.) På ryggen har han ein sekk med gåver til utdeling til dei som har vore snille.
Det er eigentleg ei saltbøsse, som de ser. Pappa fekk nissen av bestemor si, og han måtte kyssa nissen god natt kvar kveld. Sidan pappa er fødd i 1927, er nok nissen ganske gammal – over 100 år, meiner pappa.

Her er den andre nissen. Han er mamma sin og ser ikkje så veldig skummel ut.
Det er vel eigentleg ein lysetake, med plass til eit pittelite lys. Mamma fekk han til jul då ho var 4–5 år gammal, så dette er også ein gammal nisse.

Og dette er dei einaste nissane og så å seia den einaste nipsen som kjem fram kvar jul i barndomsheimen. Less is more!

1 kommentar:

Fivrel sa...

Eldre menn med ovleg raude nasar er støtt skummelt! Det botnar IKKJE i eit strabasiøst liv blant sjø og skrei, eller steinar og sau - men derimot eit alt for høgt inntak av dei sterkare drykkane, over lang tid. Og slike menn - hmmm-hmmm - eg slektar på mormor mi og ristar seint på det grå hovudet med alle skrukkene og klemmer lippene saman og innover (dette er eit kroppsspråk som tydeleg uttrykkjer MISBILLIGELSE (haha, greier ikkje stave ordet ei gong)). Så det så.

Hihi.