6. desember 2008

Kunst


Ja, snøen har brukt dei siste dagane på å laga små kunstverk ute på verandaen. Kan jo ikkje ta ned blomekassane då? (Det finst alltid ei god orsaking for å ikkje gjera det ein ikkje orkar.)

Dette minner meg om at eg må baka brød snart:

1 kommentar:

Fivrel sa...

Haha, det er ikkje verst når snjoren i blomekassane minner ein på brødbaking ;-)

Bileta av nissen kjem frå Gausdal. Eg held meg her i desse tider, har eksamenslesingstid og tykkjer det er godt å vere i ekte vinterland. Joleland er det ikkje, her tek me det svært roleg og pyntar ikkje med anna enn nissar i vedskjolet og dompapar på fuglebrettet.