11. november 2008

Det beste garnet

Det går treigt med ekorngenseren ... det er så utruleg ekkelt å strikka med babyulla frå Dalegarn! Garnet er er alt for glatt, det sklir på pinnane (eg burde sikkert ha brukt bambuspinnar) ... noko som fører til at eg strikkar alt for laust. Det som skulle bli storleik 6 md., må eg gjera om til 1.5 år! Prøver å stramma til når eg strikkar, men då får eg vondt der eg ein gong hadde senebetennelse. Så kva gjer ein? Jau, strikkar med Askeladden-garnet frå Nøstebarn! Eg har no strikka denne fine jakka med garnet:
Eg digga å hekla den turkise kanten rundt, slik at eg kunne løyna dei stygge kantane. Og knappane vart jo veldig fine: Eg elskar å strikka med dette garnet! Det er så fint og laust å strikka med, det går som ein draum. Og garnet finst i mange fine fargar. Eg vurderer å strikka ein tunika til meg sjølv, men sidan det er eit rimeleg stort prosjekt, kjem eg berre til å strikka små, fine plagg framover. Og så strikkar eg på ekorngenseren innimellom ...

3 kommentarer:

Fivrel sa...

Ojojoj, så fin denne var! Er det veksejakka, tru...? Eg tykte fargekombinasjonen var knall - det duse, naturlege, og så - PANG midt i fleisen det turkise. Flott! Knappar er au gama; flotte knappar er prikken over i'en. Faktisk såpass at eg vil innføre uttrykket: Som knappen i trøya. Hehe :-)

Eg er lei for det, men det er freistande å vere den moralske fingeren her og seie "hmm, kva var det...". Som du sa sjølv, den tid: Skepsisen over dette glatte, sleske garnet er uråd å oversjå. Det er synd at du får sant, når ekstraarbeidet og ulempa trass alt fell på deg sjølv. Men Askelad er bra. Elles er Bånsullgarn også superdupert, det er mistenkjeleg likt Askeladden (sjå www.bansull.no). Eg lurer au på å skaffe meg noko frå Leine Merino, for ingenting er betre enn å stø NORSKE ullprodusentar.

For tida er det Alafos lopi og lett lopi mellom fingrane mine - er plent ferdig med ein sjølvkomponert islender (du veit sånn eskimo-mønster-rundt-halsen-genser) i bruntonar. Men den skal Scjæschten min få, og han lurkikar på bloggen min stundom, så eg kan diverre ikkje publisere dette Work of Art (!) før etter jol er eg redd. Men eg skal prøve meg på noko alpakka au - SUPERTIPS! Du store Alpakka i Toftes gate har sal på fredag.

PS I kveld har Dialektskjurta møte med tre valldølar (far min og dei hine som arbeider med www.vallemal.no). Juhu! Gjett om eg skal utvide t-skjortelageret mitt når det kjem skjorter med: No må du alli reke atti; koste vi du have av desse tvæ; de e gama i jolin itt gome e tolig; no vi mi røe å have kaffirus. O LUKKE! :-)

Dette vart den lengste kommentaren i soga. Vel. Det måtte ut veit du!

Ragnhild sa...

Hehe, takk for lang kommentar med mykje nyttig info! Eg skal sjekka ut både Bånsull og Toftes gate. Eg har gått forbi Du store alpakka ein gong. Spørs om eg må dit på fredag då, ja:-) Sel dei bambuspinnar der?

Jepp, det er veksejakke frå Strikk til nøstebarn-boka eg strikka. Veldig moro å strikka, vart aldri lei.

Nei, eg skal ALDRI meir strikka med det tullgarnet! Uffuffufuff! Men, men, så lærte eg det.

Eg er kjempeimponert over at du strikkar så store ting som genser til kjærasten din!

Og du har ei heilt fantastisk dialekt! Du såg vel Linda Eide på tokt i Valle?:-)

smileull sa...

Fantastisk fin fargekombo på veksejakka! Eg synest den naturbrungrå er litt keisam eigentleg, men saman med den turkise fekk han nytt liv! Og du - tunikaen går faktisk ganske radig. Ta sjansen! :-)