16. mars 2008

Søm & drøm

Mamma var ikkje inne då eg ringde heim i dag, så det var pappa som måtte lytta til alle syprosjekta mine, og som til slutt stilte det høvelege spørsmålet: Ska du bli sydam, kanskje? Ja, kanskje eg skal bli det? Eg skal tenkja på det. Natta etter sykurskvelden på torsdag drøymde eg så vanvittig mykje og komplisert om sying og mønster og tøystoff at eg vakna i ein slags lukkeleg bakrus. Så eg trur i alle fall eg må sy meir, slik at eg får eit litt meir realistisk forhold til det å sy.

Med nymontert arbeidspult/sybord på plass har eg i alle fall byrja innreia min del av arbeidsrommet (etter å ha budd her sidan juli ...), og det viktigaste er sjølvsagt plasseringa av alle stoffa mine. Eg blir så glad (og litt for optimistisk) av å sjå på dei. Dei skal hovudsakleg bli til kjolar og skjørt. Og kanskje blir det nokre dukar av stoffet som blir til overs. Stoffet som ligg øvst blir snart til ein kjole!!! (Framleis optimist)

1 kommentar:

Gudrun sa...

Høyrest fint ut å drøyma om saum. Eg drøymer stort sett kvar natt at eg kjempar mot The Dark Lord i lag med (og av og til utan) Harry Potter for tida. Det er straffa for å freista forstå ungdomen.