25. juni 2007

Cathrineholm

Eg har fått meg ein ny hobby! Eg har IKKJE særleg sansen for å samla på ting (dvs eg har jo samla på lukt-viskelær, då, men då var eg unge, så det er på ein måte forståeleg), men eg må vedgå at den nye hobbyen min er ein slags samlehobby. Eg samlar på Cathrineholm-bollar! - bollar som sikkert er eit kjent syn for mange. Dei er frå 60-talet, og det er norsk design. Dei finst i mange ulike fargar, og eg har lyst på så mange fargar som mogleg. Eg har fått den første bollen i hus, og han er så fiiin! Oransj:



Han eignar seg veldig godt til grøne eple, sånn farge- og storleiksmessig. Eg har ikkje tenkt å samla på bollane berre for å ha dei til pynt, slik som med viskelæra, som det var forbode å viska med. Bollane kjem til å bli flittig brukte. Viss du har sett slike bollar på ein nedstøva låve eller på ein annan ubrukeleg plass, rop ut til meg, så kjøper eg dei tvert. Eg lovar at dei ikkje skal støva ned.

2 kommentarer:

Ingvild sa...

Eg vurderer å stikke innom NMS-gjenbruk i morgon for å sjå etter eit slikt gamalt servise eg har nokre delar av. Trur det heiter blå rose. Veldig fint :)
Skal sjå opp for ein slik bolle til deg.

Kort og Søm sa...

Kjempe fine boller!!
ja, jeg husker viskelær samlingen min, og det var virkelig fyfy å viske med de...!!
Fredrikke :o)