27. desember 2006

Store og små planar for 2007

Eg likar at det er eit nytt år rundt hjørnet. Det tyder at sumaren nærmar seg. Inkje er betre enn det. Og eg likar å planleggja og drøyma om kva som skal skje. Her er nokre av planane mine.

- i sommar: gå frå hytte til hytte i Jotunheimen, Trollheimen eller ein annan fjellheim (dette er prioritet nr. 1!)
- kjøpa allversjakke og fjellsko (før hyttegåinga)
- sykla til og frå arbeid når det vert vår – i alle fall to dagar i veka…det er LANGT, altså!
- gå på sykurs på Folkeuniversitetet
- sy minst tre skjørt
- gå på endå eit kurs på Folkeuniversitetet – kanskje kalligrafikurs, Photoshop-kurs eller dette.
- trena tre gongar i veka (i tillegg til syklinga til og frå arbeid)
- sitja meir på balkongen
- invitera fleire folk på vitjing, slik at vi må rydda kåken oftare
- eta fleire eple
- dansa meir salsa
- læra meg å bruka Photoshop (kanskje kurs, altså)
- finna ut kvar på Vestlandet det kan vera aktuelt å busetja seg
- verta tolmodig nok til å strikka noko større enn sokkar, lue og skjerf
- reisa til Sverige og bu i idyllisk hytte i Astrid Lindgren-paradis
- reisa til København og drikka kaffi ved Høibros plass
- reisa til ein stad der eg får praktisert spansk
- læra meg meir spansk
- kjøpa bokhyller til kontoret heime
- reisa til San Francisco, viss Sigmund og Sarah bestemmer seg for å gifta seg der (veslebror har fått forlovingsring på fingeren – før meg!)
- gå på fleire konsertar
- skifta til tennisklubb som er nærare heimen, truleg denne. Nordstrand tennisklubb ligg endå nærare heimen, men eg trur ikkje eg er klysete nok til å kjenna meg heime der.
- finna nye tennispartnarar
- kjøpa ny tennisrackert

3 kommentarer:

austsida sa...

kanskje du kan gifte deg neste år òg.

Ragnhild sa...

Vel, det er ikkje berre opp til meg akkurat det, da.

Jarle sa...

Hvis du ringer tennisforbundet nå, er jeg sikker på at du kan bestille noen billetter til Wimbledon i år :-)

http://www.flickr.com/photos/kokkentor/sets/72157594471307555/