22. september 2012

Sauer i hus

Juhu, dette var det artigaste og raskaste strikkeprosjektet eg har vore borti på lang tid. Veldig tjukt garn gjorde at det gjekk unna. Eg strikka storleik 2 år, men strikka nokre omgangar ekstra på bolen og ermene. Sauene er strikka i perlestrikk – noko så enkelt får ein kul effekt! Eg strikka ikkje blomemønsteret nedst på ermene – rett og slett fordi eg ikkje fekk det til å gå opp med blomar og masker. Det er mogleg det var ein feil i oppskrifta, for mønsteret var jo ikkje vanskeleg.

Poden var ikkje særleg interessert i å prøva det nye plagget, men eg håpar at han forstår at dette blir ein god genser på kalde dagar.

Her er meir om oppskrifta. Eg har nok restegarn til å laga noko meir – kanskje ei lue?

16. september 2012

Tøff vs. søt

Jenter er søte
Jenter likar rosa – overalt
Jenter likar ballerinasko
Jenter likar blonder

Gutar er tøffe
Gutar likar blått – overalt
Gutar likar bøker
Gutar likar bokstavar og tal



Helsing Princess, som presenterer haustens nye, men akk så gamaldagse trendar for barn (og Princess er ikkje dei einaste, diverre).

13. september 2012

Gult er kult

Eg har sett ny rekord i talet på strikkeprosjekt eg held på med samtidig. Så då blei det ikkje så mange innlegg her inne i august, gitt. Og no er det høgsesong for strikking, så det blir ikkje mindre travelt framover.

Men i alle fall, eg har omsider strikka ferdig Oslo-anorakken frå Pickles. Eit ganske greitt prosjekt, eigentleg, men eg står alltid litt fast i oppskriftene deira, så det blei litt oppattrekking her og der. Dei har ein litt annan måte å skriva oppskrifter på enn f.eks. Garnstudio, Sandnesgarn og andre meir etablerte garnleverandørar. Og då blir eg ein smule perpleks.
Eg strikka utan hette, for eg tykkjer ikkje det er nødvendig med det når det er til så små ungar. Eg blei ganske nøgd med hals- og skulderpartiet, og knappane var så fine! Dei var brune og blanke og skikkeleg retro. Eg laga fem knapphòl i staden for tre, eg forstår ikkje korleis det er mogleg å laga berre tre knapphòl (jf. oppskrifta)?!

Garnet var forresten fantastisk å strikka med! Skikkeleg mjukt og godt, og det gjekk fort å strikka fordi det var så tjukt. 
Eg strikka i storleik 6–12 md, og genseren blei ganske stor. Berre for å visa kor laust eg strikkar har eg plassert poden på 2 år saman med genseren (biletet lyg litt, men likevel). Genseren var ei gåve til ei lita jente på 3 md., så eg håpar ho kan bruka genseren til vinteren likevel. Det er uansett ikkje farleg med det som er for stort til så små ungar.

Og snart er eg i mål med det artigaste prosjektet eg har strikka på lenge. Må berre festa ein million garnendar først ...


1. august 2012

Osloreklame: Lindøya

Lindøya! For ein idyll! Dersom du bur i Oslo og er lei av fullstappa strender på Gressholmen og Hovedøya: reis til Lindøya! Dersom du får besøk av folk frå innland eller utland og vil visa dei ein flik av hovudstaden: Ikkje reis til Vigelandsparken eller andre openberre turistfeller. Reis til Lindøya!

På Lindøya er det mange små hytter med små hagar rundt. Det er ikkje lov å bu der året rundt, og det er strengt regulert når det gjeld utbygging og slikt. Det er ein søt, liten landhandel der. Og det er offentleg toalett. Det er ikkje hit ein reiser dersom ein vil bada (veldig skarpe, små flintsteinar over alt), men det er fullt mogleg å ta seg ein dukkert. Sjøen er jo der.

Det tek 15–20 minutt med offentleg kommunikasjon (dvs. båt frå Oslo) å koma seg dit. Og vips er ein på ein annan planet. Vi var der i sol og sommarleg vind her om dagen, og det var så utruleg avslappande å vandra rundt mellom dei små hyttene og velja seg ut den hytta ein likte best. Eg peikte på alle.

Batteriet på kameraet var nesten utlada, så eg fekk ikkje teke så mange bilete som eg ville, og eg føler at bileta eg tok, ikkje greier å attgje kor fantastisk det var der. Men her er eit lite utval.










31. juli 2012

Sauer under sol og skyfri himmel


Eg blir så innmari gira når eg finn ei strikkeoppskrift eg likar! Sjekk den superfine genseren, da!!! Mønsteret (og biletet) er frå Dalegarn, katalog nr. 248. Garnet heiter Hegre, og eg hadde ikkje høyrt om det før. Men eg har ikkje strikka så mykje med Dalegarn før, heller. Garnet er veldig tjukt, så dette blir ein god og heit genser for poden til vinteren. Eg er litt usikker på om eg skal strikka storleik 2–3 år eller 4–5 år. Poden er 2 år, men stor for alderen. Samtidig strikkar eg ganske laust, så kanskje 2–3 år held? Hm.

Så no er det berre å fullføra nokre andre prosjekt før eg går i gang med dette. Garnet er kjøpt inn, og eg sit og ser lengselsfullt bort på det her eg sit. Korleis skal eg få tid til å strikka alt eg har lyst til? Det er jo så mange fine oppskrifter der ute! Sukk, altså.


23. juli 2012

Om kjerringbloggar

Clara Lidström driv bloggen Underbara Claras värld, og eg diggar bloggen hennar. Ho skriv så braaa! Ho skriv om emne som interesserer og inspirerer meg, som eg kjenner meg att i, og som eg lærer mykje av. Ho er dedikert og ekte.

Sockerbloggandet som stör er eitt av favorittinnlegga mine på bloggen hennar, og det er aktuelt i ordskifte som med jamne mellomrom dukkar opp her i Noreg òg, no siste gongen i midten av juli, der bloggkollektivet Maddam hadde ein (etter mi meining) unyansert artikkel på trykk i Dagbladet der dei kritiserer det dei kallar mammabloggar. Innlegget heiter Familielykke fanget i nettet. Den fine bloggen Mammadamen har skrive eit tilsvar under overskrifta Mammabloggdebatten er fordumsfull og nedlatende. Eg tykkjer overskrifta er ei god oppsummering. Støttar den!

Men altså: Clara skriv særleg godt om emnet. Les! 

22. juli 2012

22. juli

For eitt år sidan var eg her, langt inne i Femundsmarka med særs dårleg mobildekning. Veslingen hadde nyleg lært seg å gå, han gjekk rundt med vaklande steg, krabba og flira.


Då dei første meldingane om det forferdelege kom, var eg letta over at eg var kilometermis unna der alt skjedde. Likevel kjendest nære ut. Vesle Noreg! Eg har tenkt mykje på dei som blei råka. Og eg er mektig imponert over alle dei superfine og kloke AUFarane. Dei gir i alle fall håp for framtida.

21. juli 2012

Langs norskekysten

Det har visst vore ferie her på bloggen. Eg har også hatt ferie. Ei kort oppsummering: Noregsferie er topp! Særleg når ruta går langs kysten. I sommar har eg oppdaga så mange fine plassar i heimfylket mitt Møre og Romsdal som eg aldri har vore på før. Ein av mange favorittar blei den vesle øya Finnøya som ligg her, ca. midt mellom Ålesund og Molde:















Eg elskar å vera ved havet og kjenna sjølukta og vinden. Det har ikkje vore ein tropisk heit sommar, akkurat, men det gjer meg ingenting. Poden på 2 vil ut og plaska med ein gong regnet høljar ned (helst berrføtt), så her er det berre å slutta å klaga på nedbør og sur vind!


Eit lite biletdryss (det øvste biletet er frå akvariet i Ålesund, dei andre er frå Finnøya):








1. juli 2012

Strikkeprosjekt med Sandesgarn

Eg har ikkje strikka så mykje med Sandnesgarn-oppskrifter før. Men no blir det andre bollar. Eg har sett gjennom hefta til Sandnesgarn på nettet, og der var det mykje fint! Her er noko av det har lyst til å strikka.
Denne kjøpte eg faktisk garn og oppskrift til i går. (Eg likar ikkje at dei kallar det "guttegenser", men.) Botnfargen og ein av dei andre blåfargane eksisterer ikkje lenger, så eg måtte finna nokre alternativ. Eg veit ikkje heilt om eg blei nøgd. Genseren er strikka i Smart-garn, og det finst så vanvittig mange fine fargar i det garnet, så eg skulle gjerne ha brukt andre fargar. Hm. Vi får sjå. Eg skal strikka i storleik 4 år til poden på snart 2, så eg har tid til å ombestemma meg.

Sjekk den fine kattegenseren! Eg strikka denne ein gong, men ikkje med den lyseblå fargen.  

Perfekte fargekombinasjonar! Og så fint mønster, da! Eg må visst strikka denne også.

Originalt og stilig mønster!

Eg har lenge vore på jakt etter ei fin oppskrift på vest til poden. Eg likte veldig godt mønsteret på bringa og fasongen på denne vesten.

Før eg går i gang med nokre av desse oppskriftene, har eg ein million andre prosjekt eg må gjera ferdig. Det er så mange nye verdsborgarar rundt omkring, så eg strikkar på søte små plagg for tida.

Alle bileta har eg funne på nettsida til Sandnesgarn.

28. juni 2012

Terningkast 6: Alt som er

Alt som er av Brit Bildøen kom ut i 2004 (Samlaget), og eg kjøpte boka på supersal for nokre år sidan. Då hadde eg ikkje høyrt om boka før. Men for ei bok! Eg likar særs godt skrivemåten til Bildøen. Ho skriv så poetisk, eller kva eg skal kalla det. I staden for å skildra eit hus rett fram (eit hus står sentralt i boka), skildrar ho det som om det er eit levande menneske. Døme på både vakker tekst og vakkert omslag:
 
Huset, det store, gamle tømmerhuset, stod og lente seg mot vegen. Det såg ikkje på dei med vindaugsauga sine, men heldt dei vidt oppsperra i alle retningar, som for å passe på at ingen la merke til kva det heldt på med. Og det lente seg. Sakte, men sikkert strekte huset seg mot vegen der ute, vegen som kunne skimtast mellom trea, bak syrinhekken. Det rista lett, det var som om ei skjelving gjekk gjennom huset frå grunnmuren og opp til pipa. Til og med bakken begynte å dirre, koppar og kaffiskåler klirra svakt på hagebordet, og det gjekk an å høyre ei forpint knaking frå dei gamle tømmerstokkane. Og huset tøygde seg. Det strekte seg så langt materialet kunne tillate, og litt til. Eit lite stykke nærare vegen kom huset, før det gav opp og seig på plass att med eit lydlaust sukk. Om litt såg det igjen på dei med det vande, uttrykkslause blikket. 

Denne måten å skriva på går som ein raud tråd gjennom boka, og eg diggar det! Skildringane gir så fine bilete! Det er umogleg å skumma gjennom avsnitt som det over. Det hende eg faktisk las skildringane fleire gonger, så fine var dei. Og det er ikkje typisk meg når eg les ei skjønnlitterær bok. 

Men i alle fall: Boka handlar om ei slekt, men først og fremst om Mariann og Endre. Det er ei kjærleikshistorie. Eller fleire kjærleikshistorier. Eg seier ikkje meir enn det. Les boka!

4. juni 2012

Terningkast 6: Elin og Hans

Vi er komne til den andre boka i serien Terningkast 6.


Elin og Hans av Trude Marstein (Forlaget Oktober) var ei overraskande bra bok. Eg hadde ingen forventningar om boka, for eg kjøpte henne litt tilfeldig på sal ein gong, trur eg. Eg har lese bøker av Marstein før, og dette er den beste eg har lese av henne.

Boka handlar om Elin og Hans, men Elin er død. Hans tenkjer tilbake på samlivet deira. I starten av boka veit vi ikkje kvifor Elin har døydd, eller korleis dei har hatt det saman, men etter kvart kjem det fram meir og meir, og gjennom mange frampeik om kva som har skjedd, blir handlinga driven framover. Det ligg ei uhyggjeleg stemning og kviler over boka, tykkjer eg. Det var fleire gonger etter å ha gått av t-banen (eg les på t-banen) at eg ikkje greidde å rista av meg stemninga i boka. Og tru meg: Det skal mykje til før eg blir så gripen av bøker. Suverent!

Eg spør meg: Kvifor er ikkje denne boka meir kjend? Eller er det berre eg som ikkje er heilt oppdatert? Les!