31. januar 2014

Reprise: melding av eit bladomslag

Eg sat og surfa litt på bloggen min og kom over dette innlegget som eg skreiv for tre år sidan. Det fortener å koma fram i lyset att, så her kjem ein reprise. Eg trur eg må finna meg eit nytt blad å melda att snart!
---
Eg har lenge hatt lyst til å skriva meldingar av bladomslag. Det er nemleg så mange festlege omslag der ute! Dei festlegaste favorittane så langt har vore nokre av omslaga til blekka I skolen, som er medlemsbladet til Skolenes landsforbund (som mannen i huset får) og Cøliakibladet, medlemsbladet til Norsk cøliakiforening (som eg får). For å kvalifisera som festleg favoritt er biletvalet alfa og omega, gjerne i kombinasjon med tekst. 

Her om dagen dukka det opp ein soleklar omslagsfavoritt så langt, og eg tenkte at dette omslaget fortener merksemd! Så her kjem den første omslagsmeldinga på bloggen min.

Eg er veldig glad i reker og trudde først det var reke-reklame frå ICA som hadde dumpa ned i postkassa vår:
No har jo eg berre teke bilete av omslaget, som igjen er ei attgjeving av det opphavlege biletet, så eg må berre aller først skunda meg og presisera at det truleg er fleire ledd her som gjer at attgjevinga mi aldri kan yta rettferd til rekene. Men uansett: Omslagsbiletet viser reker i autentisk rekestorleik, og sidan det ikkje har blitt spart på blitzen, er det mogleg å sjå alle detaljane til rekekroppane klårt og tydeleg. Den kraftige blitzen gjer at det ikkje er tvil om kva det er bilete av – veldig bra!

Etter å ha stira ei stund på rekene las eg tittelen på blekka og forstod sjølvsagt at dette ikkje hadde noko med ICA å gjera. Det første spørsmålet som melde seg, var kvifor nærbilete av reker i sterkt blitzlys hadde fått ein så dominerande plass på omslaget til Oppsal menighetsblad. Blikket glei ned mot dei tre sakene som hadde fått plass på framsida – toppsakene. Og toppsakene denne månaden var altså "Reker på medarbeiderfesten", "Konfirmanter på tur" og "Ny diakon på plass".

Eg merka at eg ikkje var så veldig interessert i å lesa om desse konfirmantane og den nye diakonen. Eg bladde ivrig opp på jakt etter reportasjen frå rekefesten. Heilt til siste side måtte eg bla. Endeleg! Her blir eg møtt med det same rekebiletet som på framsida, berre i litt mindre format. Reportasjen har fått overskrifta "Medarbeiderfesten. Med reker og sang". Her er også bilete av eit fruktfat fruktbord, bilete av folk som et reker og bilete av ei som signerer cdar. I reportasjen kan vi lesa at staben hadde gjort i stand pynta bord "hvor det ble servert flere titalls kilo reker, loff og majones." Men fruktbordet blir også omtalt: "Til sist må en også nevne det imponerende fruktbordet, som selvfølgelig inneholdt en langt ifra liten skål med godteri." Fruktbiletet har fått biletteksten "Stabens velorganiserte fruktbord".

Konklusjon: Dette omslaget er definitivt ein festleg favoritt! Rekebiletet var eit blikkfang som fekk meg til å tråla gjennom heile blekka på jakt etter rekereportasjen. Eg veit ikkje kor klokt det var å plassera reportasjen heilt til slutt. Det kjem litt an på kva dei som har laga bladet, ønskte å fokusera på. Plasseringa av reportasjon heilt til slutt fekk meg jo til å bla gjennom alle sidene og smålesa dei mindre viktige sakene om konfirmantane og diakonen. På den andre sida er trass alt rekene på medarbeidarfesten hovudoppslaget, og då bør kanskje ikkje saka koma heilt til slutt? Då kan det vera fort gjort å gløyma kva som eigentleg var viktig i dette nummeret. Uansett gjorde rekebiletet at eg opna bladet. Og det er jo eit pluss.

Kort oppsummert er altså valet av omslagsbilete (og tekst) eit blinkskot. Biletet av fruktbordet kunne ikkje ha spelt den same rolla, så her har dei gjort ein veldig god jobb med biletutvalet. Det er heilt greitt å nemna fruktbordet, sjølvsagt, slik at vi skjønar at det ikkje berre var reker som blei fortært på den årlege medarbeidarfesten. Blekka får eit stort pluss for at det står i reportasjen at det blei servert fleire titals kilo med reker – det rettferdiggjer på ein måte alt.

25. januar 2014

Eg forstår kor mykje det betyr å vera frisk

For fleire år sidan kjende eg ein som fekk ein alvorleg sjukdom. Det var ein sjeldan og heilt forferdeleg sjukdom. Eg sende eit brev til han fordi eg ønskte å gje han nokre oppmuntrande ord. Tilbake fekk eg eit kort (ja, dette var leeenge før Facebook, sms og co.). Det var ikkje så mykje som stod der, og skrifta synte at han hadde streva med å forma bokstavane, men det eg hugsar aller best, var desse orda: Eg forstår kor mykje det betyr å vera frisk. Han døydde kort tid etter det.

Eg kom til å tenkja på denne guten, som døydde så alt for ung, då Anbjørg Sætre Håtun døydde av kreft denne veka. Sjølv om eg ikkje kjende henne, kjendest det nesten slik ut likevel. Det siste året har eg nemleg følgt henne på Instagram der ho har delt bilete og kloke, positive, hjarteskjerande, morosame, triste og ikkje minst kjærleiksfylte ord. Sjølv om ho visste at ho hadde ein alvorleg kreftsjukdom, og sjølv om ho gjekk gjennom tøffe behandlingar, greidde ho å skapa gode opplevingar for seg sjølv og andre heilt til det siste. Som ho sjølv uttrykte det: For god helse handler ikke nødvendigvis om et liv uten sykdom. God helse handler først og fremst om hvordan man mestrer livet når man møter motgang.

Det er vanskeleg å forstå kor mykje det betyr å vera frisk så lenge ein er frisk.
Og det er vanskeleg å sjå føre seg korleis ein skal kunne meistra livet dersom ein møter motgang i form av ein alvorleg diagnose. Likevel er det fint og viktig at det finst folk som kan rykkja ein ut av kvardagen og få ein til å tenkja slike tankar.



19. januar 2014

Nytt kamera

Eg er veldig glad i å ta bilete. Etter at kameraet mitt (frå 2007) byrja å oppføra seg dårleg mot meg, i tillegg til at det blei knust på den eine sida då det datt i golvet i jula, var det openbert at eg måtte eg ha nytt. Etter mange og lange surferundar enda eg opp med eit systemkamera frå Olympus. Eg gjekk over frå spegelrefleks til systemkamera for å sleppa drassa rundt på tungt kamera. Overgangen var større enn eg trudde. Eg blei litt skuffa med det same, men eg trur det går seg til. Det er jo alltid uvant med nytt kamera, og i tillegg er det uvant at det er litt annleis å ta bilete. Men det er sjeldan kameraet sin feil dersom bilete blir dårlege, så her er det berre å øva seg. I dag har eg gått rundt og knipsa utan å tenkja så nøye gjennom kva eg tek bilete av – for å testa ulike objektiv og funksjonar, og no har eg lasta inn bileta. Og då fann eg ut at sjølv om motiva var litt føremålslause, så var dei litt fine òg. Her kjem eit biletras frå kvardagen i vest ein litt lat søndag i januar.