24. januar 2011

Ei smal sak

Her kjem litt produktreklame. Eg var innom apoteket her om dagen, og då fekk denne bli med meg heim:
Endeleg har eg funne ein handkrem som eg likar! Etter at eg fekk baby, har eg byrja vaska hendene mykje oftare enn før, og det har ført til veldig tørre hender. Og så er det jo vinter i tillegg, og det hjelper jo ikkje akkurat på.

Eg har lenge brukt leppebalsamen til EOS (som tyder Evolution of Smooth) med stort hell. Når det finst ein handkrem i det same fine merket, kan det jo nesten ikkje gå gale. Alle EOS-produkta luktar så godt, og det det gjer også denne. I tillegg er produkta utan parabenar og anna skit. Eg valde handkremen med agurklukt, og han luktar nok ein smule sterkare og søtare enn agurk, men i alle fall: terningkast seks! Kremen er ikkje for feit og trengjer fint inn i huda. Og noko av det beste av alt: fasongen og storleiken på etuiet! Det er lite og nett og kan fint få plass i veska. Smooth on. Touch. Smile. Meir om EOS her.

19. januar 2011

Haustvest

Sjå så fin vest eg har strikka!
Jepp, dette strikkeprosjektet har eg gledd meg til å visa fram. Oppskrifta er frå Pickles og ligg her. Eg strikka storleik 4 år, sidan vesten var ei gåve til ei jente som nettopp fylte 4 år. Eg strikkar veldig laust, så vesten kan nok passa fint seinare i år også.

Eg digga å strikka vesten! Både fordi det gjekk utruleg fort å strikka (med tjukt, mjukt extra fine merino-ull frå Pickles) + at det var utruleg artig å strikka daisy-mønsteret då eg først kom inn i det. Eg tykkjer ikkje forklaringa på korleis ein skal strikka mønsteret, var heilt god, så då var det supert at Pickles-damene hadde lagt ut ein instruksjonvideo med nyttige daisy-tips og triks – f.eks. at det er utruleg viktig å ikkje stramma trådane for mykje.
Sjå så fint mønster da! Og eg er nøgd med fargane (som eg sette saman av garn eg hadde liggjande). Ser ut som sukkertøy! Dette mønsteret må eg definitivt strikka fleire gonger. Men før eg gjer det, skal eg strikka noko utruleg kult, nemleg monsterbukse! Vent og sjå!

9. januar 2011

Hals

Eg har strikka ein hals til søtnosen, som eg brukte lang tid på å fullføra, sjølv om det var eit lite strikkeprosjekt. Det var fleire ting eg ikkje var nøgd med denne gongen, og eg måtte verkeleg ta meg på tak for å bli ferdig.



Oppskrifta var frå Strikk til nøstebarn, og eg måtte strikka med tynnare pinnar enn i oppskrifta for at halsen ikkje skulle passa til King Kong. Eg brukte eit garnnyste eg kjøpte i København i fjor, trur eg. Merinoull. Litt glatt å strikka med, så eg var ikkje heilt komfortabel med det. (Men mønsteret blei jo veldig fint.) Det som likevel gjorde meg mest irritert, var at halsen krølla seg nedst og på sidene. Grrr.

Og så, då eg var ferdig, fann eg ut at guten eigentleg ikkje treng nokon hals. Han har nok av varme klede. Dessutan har han ikkje så lang hals enno. Så kva gjer eg då? Jau, ventar til neste vinter og ser. Eg trur nemleg halsen kan passa då òg.

Eg gler meg veldig til å visa fram det neste strikkeprosjektet mitt! Snart ferdig no!

7. januar 2011

6 månader!

Den vesle, fine guten vår er 6 månader i dag! Hipp hurra! Han har blitt heile 10.5 kg og 70.5 cm, så han er ein stor gut. Det er utruleg å tenkja på alt han har lært i løpet av denne korte tida. Ikkje berre kan han sitja. Han kan sitja og lesa (vel ... sjå, i alle fall) kritisk i ei tøybok:

Han kan sitja heilt roleg i si eiga verd og berre sjå ut gjennom kjøkkenvindauget:

Han kan sitja ved stovebordet og føra ein samtale med mamsen (som er på Facebook):

Han kan le av vitsane mine:


... og han kan mange, mange andre ting. Vi har ei bok som vi kallar Tryggveboka, der vi skriv ned nye ting han har lært seg. No skjer det så mykje at det er vanskeleg å hugsa alt dersom vi ikkje skriv det ned med ein gong. Og boka er jammen meg snart utskriven. Kvar skal dette enda?

1. januar 2011

2011

2011 kjem nok ikkje til å bli fylt av ekstreme mengder glitter og glamour, men det er lov å drøyma.