29. juni 2010

Melding av eit bladomslag

Eg har lenge hatt lyst til å skriva meldingar av bladomslag. Det er nemleg så mange festlege omslag der ute! Dei festlegaste favorittane så langt har vore nokre av omslaga til blekka "I skolen", som er medlemsbladet til Skolenes landsforbund (som mannen i huset får) og "Cøliakibladet", medlemsbladet til Norsk cøliakiforening (som eg får). For å kvalifisera som festleg favoritt er biletvalet alfa og omega, gjerne i kombinasjon med tekst. 

Her om dagen dukka det opp ein soleklar omslagsfavoritt så langt, og eg tenkte at dette omslaget fortener merksemd! Så her kjem den første omslagsmeldinga på bloggen min.

Eg er veldig glad i reker og trudde først det var reke-reklame frå ICA som hadde dumpa ned i postkassa vår:

No har jo eg berre teke bilete av omslaget, som igjen er ei attgjeving av det opphavlege biletet, så eg må berre aller først skunda meg og presisera at det truleg er fleire ledd her som gjer at attgjevinga mi aldri kan yta rettferd til rekene. Men uansett: Omslagsbiletet viser reker i autentisk rekestorleik, og sidan det ikkje har blitt spart på blitzen, er det mogleg å sjå alle detaljane til rekekroppane klårt og tydeleg. Den kraftige blitzen gjer at det ikkje er tvil om kva det er bilete av – veldig bra!

Etter å ha stira ei stund på rekene las eg tittelen på blekka og forstod sjølvsagt at dette ikkje hadde noko med ICA å gjera. Det første spørsmålet som melde seg, var kvifor nærbilete av reker i sterkt blitzlys hadde fått ein så dominerande plass på omslaget til Oppsal menighetsblad. Blikket glei ned mot dei tre sakene som hadde fått plass på framsida – toppsakene. Og toppsakene denne månaden var altså "Reker på medarbeiderfesten", "Konfirmanter på tur" og "Ny diakon på plass".

Eg merka at eg ikkje var så veldig interessert i å lesa om desse konfirmantane og den nye diakonen. Eg bladde ivrig opp på jakt etter reportasjen frå rekefesten. Heilt til siste side måtte eg bla. Endeleg! Her blir eg møtt med det same rekebiletet som på framsida, berre i litt mindre format. Reportasjen har fått overskrifta "Medarbeiderfesten. Med reker og sang". Her er også bilete av eit fruktfat fruktbord, bilete av folk som et reker og bilete av ei som signerer cdar. I reportasjen kan vi lesa at staben hadde gjort i stand pynta bord "hvor det ble servert flere titalls kilo reker, loff og majones." Men fruktbordet blir også omtalt: "Til sist må en også nevne det imponerende fruktbordet, som selvfølgelig inneholdt en langt ifra liten skål med godteri." Fruktbiletet har fått biletteksten "Stabens velorganiserte fruktbord".

Konklusjon: Dette omslaget er definitivt ein festleg favoritt! Rekebiletet var eit blikkfang som fekk meg til å tråla gjennom heile blekka på jakt etter rekereportasjen. Eg veit ikkje kor klokt det var å plassera reportasjen heilt til slutt i blekka. Det kjem litt an på kva dei som har laga blekka, ønskte å fokusera på. Plasseringa av reportasjon heilt til slutt fekk meg jo til å bla gjennom heile blekka og smålesa dei mindre viktige sakene om konfirmantane og diakonen. På den andre sida er trass alt rekene på medarbeidarfesten hovudoppslaget, og då bør kanskje ikkje saka koma heilt til slutt i blekka? Då kan det vera fort gjort å gløyma kva som eigentleg var viktig i dette nummeret. Men det kjem altså an på kva som var målet til dei som har laga blekka. Uansett gjorde rekebiletet at eg opna blekka. Og det er jo eit pluss.

Kort oppsummert er altså valet av omslagsbilete (og tekst) eit blinkskot. Biletet av fruktbordet kunne ikkje ha spelt den same rolla, så her har dei gjort ein veldig god jobb med biletutvalet. Det er heilt greitt å nemna fruktbordet, sjølvsagt, slik at vi skjønar at det ikkje berre var reker som blei fortært på den årlege medarbeidarfesten. Blekka får eit stort pluss for at det står i reportasjen at det blei servert fleire titals kilo med reker – det rettferdiggjer på ein måte alt.

28. juni 2010

Tid for utmerkingar!

I dag fekk eg ein Beautiful blogger-award frå fine, fine violaSometimes. Og då kom eg på at eg har fått den same awarden frå fine, fine Løyen på Tøyen tidlegare, men at eg har heilt gløymt å følgja det opp! Uansett: tusen takk, begge to!

Når ein har fått denne utmerkinga, må ein skriva sju fakta om seg sjølv og senda utmerkinga vidare til sju andre fine bloggar. Så no skal eg gjera det før eg gløymer det.

Sju fakta om meg sjølv:
1. Eg er hekta på grapefrukt og grapefruktjus og må ha daglege påfyll av anten frukta eller jusen. Kaffi er eg også avhengig av, men eg er særs kresen og føretrekkjer kaffi laga av ferskbrende bønner.
2. Eg er ganske god til å hoppa stille lengde.
3. Eg er oppvaksen på ei lita øy på nordmørskysten og er der på ferie 2–3 gongar i året.
4. Eg blir mamma for første gong i løpet av nokre dagar!
5. Eg har vore aktiv i Norsk Målungdom og Changemaker.
6. Eg er så å seia altetande når det gjeld musikk, men den aller største favoritten er The The.
7. Eg elskar både å sjå på og å spela tennis.

(Fakta nr. 8: Eg hadde knallraudt hår som lita og har merkeleg nok berre blitt blondare og blondare med åra.)

Eg sender utmerkinga vidare til desse fine bloggane:
Smileull

25. juni 2010

Mannfolkstrikk

Eg har mista litt bloggelyst den siste tida. Har gått ut i svangerskapsperimsjon og trudde jo liksom at eg skulle få kjempegod tid til å blogga. Men alt går liksom litt treigare, både fysisk og mentalt, så det har ikkje blitt noko av. Eg har både heimestrikka bleiebukser og heimesydd mammakjole å visa fram, men det får venta. No vil eg i staden visa fram det som den komande faren har halde på med på strikkefronten dei siste åtte månadene. 

Tadaaa:
 
Han har strikka eit kjempestort og kjempefint babyteppe!!! Oppskrifta er sjølvsagt frå Strikk til nøstebarn.

Han har ikkje strikka sidan han gjekk på barneskulen, så eg er ganske imponert. Dette er absolutt godkjent! Fargen er limegrøn, og med det mørkegrøne garnet skal eg hekla ein kant rundt teppet. Eg gler meg til å pakka inn den vesle guten i dette!

Og medan vi er inne på limegrønt: Eg er visst inne ein limegrøn/grøn periode no når ting skal kjøpast inn i samband med fødselen. Kjøpte grønt helseteppe også her om dagen:


Og sist, men ikkje minst, limegrøne crocs til sjukehusopphaldet:

Grønt skal jo vera ein avslappande farge, så vi satsar på at dei grøne omgjevnadene kjem til å ha ein heldig effekt på den vesle. Neste gong eg bloggar, er han kanskje her!

2. juni 2010

Midtbo sy har utlodding

... av dette fine settet:

Eg er fast lesar av bloggen hennar og tykkjer ho lagar mykje fint. Ho er til stor inspirasjon!

Klikk deg inn på lenkja til høgre på bloggen her for å sjå korleis du kan vinna det ultrafine settet!