27. juli 2009

Glutenfri nettbutikk



(Klikk på bileta for å sjå dei større)

Ha-ha-ha, på nettet kan ein finna ALT. Desse herlege trøyene fann eg her, og eg har tenkt å kjøpa éi av dei, men det er vanskeleg å velja, gitt!

24. juli 2009

Nye kreative prosjekt



Eg har surfa rundt på nettsidene til Garnstudio, og som vanleg har eg funne mykje fint eg har lyst til å laga ... Den hekla kyllingen ser ut til å vera eit glimrande restegarn-prosjekt. Eg har ein del bomullsgarn liggjande, og det er jo berre å bruka fargar i hytt og pine, alt etter kva ein har liggjande. (Men det blir ingen rosa kyllingar, nei. Kyllingen kan jo ha grøn kjole, t.d.). Genseren vurderer eg å strikka til mamma. Eg elskar raglanfelling og mønster heile vegen, så det ser ut som eit kjekt prosjekt.

Kattekopp!


Når ein ikkje har ein levande katt i hus, tykkjer eg denne koppen er ei fin erstatning. Diverre er han litt for dyr til at eg vil prioritera å kjøpa han. Eg har henta bileta frå nettbutikken ModCloth – ein fantastisk nettbutikk som også har utruleg fine kjolar! Dream on ...

19. juli 2009

Soloppgang


Når eg ser eit slikt syn kl. 03.46 om natta/morgonen fordi eg tilfeldigvis måtte opp i eit nødvendig ærend, er det nesten så eg vurderer å gå i terapi for å greia å bli a-menneske. Ev. må b-mennesket i meg greia å vera oppe så lenge. Det siste er nok enklast.

18. juli 2009

Eg har fått meg endå ei ny dame: La Roux

Eg har oppdaga La Roux. Eller Elly Jackson, som ho eigentleg heiter. Ho er 21 år og har den lengste og mest vassrette panneluggen eg nokon gong har sett. Musikken er ein artig miks av synthpop, Genesis og andre 80-talsrytmar. Ho gir meg gode vibbar! Eg vil særleg tilrå å høyra "Quicksand". Her er ei anna låt med eit klassisk tema. Enjoy:

16. juli 2009

Mjosundet









Det er ikkje ordentleg ferie før eg har kome heim til Mjosundet!

15. juli 2009

Best of Stockholm

Rosendals Trädgårdskafé
Kvar: på Djurgården
Konsept: kjøp deg ein rettvis kaffi og økomat og sleng deg ned i trädgården, anten i graset eller på ein benk. Ein kan også kjøpa te, honning, nøtter, brød, osv. i trädgårdsbutikken, som er laga av råvarer som er dyrka der. Ah, dette var den beste kafeen i heile Stockholm. Sjekk utsikta:


Dette var kafetreet vårt:


Fjäderholmarna
Kvar: 30 min med båt frå hamna. Vi var på Stora Fjäderholmen.
Konsept: koma seg vekk frå storbylarmen ved å gå tur i det grøne, med vind i håret og sjøluft i nasen – ein kan gå rundt holmen på 20–25 minutt – eta lunsj i det grøne eller på ein restaurant, sjå skärgårdsteater, sjå på og kjøpa handverksting og -tang (nokre kunstnarar held til der) ... Her er bygget der smedjan, träboden og glasverkstaden heldt til:


Vi åt ein utruleg enkel og god salat på holmen (på den billegaste plassen rett ved båthamna):

Røykalaks, mango, reddik og fetaost var ein fantastisk bra kombinasjon! Og så fargerik mat da, gitt! Nam, nam.

Og elles hamna vi heilt tilfeldigvis her (jf. førre blogginnlegg) ...:


Shopping blei det ikkje så mykje av. Vi fekk liksom aldri heilt taket på byen. Og merkeleg nok var det veldig mange sommarstengde butikkar (og restaurantar)! (... sjølvsagt dei vi hadde sett oss ut) . Men det var kanskje like greitt. Vi treng jo eigentleg ikkje noko!

10. juli 2009

Stockholm!

Stockholm. Kvar gong nokon nemner byen, tenkjer eg automatisk på drapet på Olof Palme 28. februar 1986. Det er rart korleis denne hendinga klistra seg fast til netthinna mi og berre blei der. Eg hugsar nyhendene og alt snakket om kven som kunne vera mordaren. Eg lurte mykje på kven han var, og kvar han var. Som 11 år gammal jente i ei lita, trygg bygd blei Stockholm for meg ein skummel by, der ein farleg mordar gjekk laus med pistol på innerlomma og kunne skyta kven som helst.

Ok, det er på tide å få litt andre førestellingar om byen. I dag reiser vi på impulsiv tur til denne skumle byen i aust, der det er meldt sol og finvêr og alt ligg til rette for å nyta at det er FERIE. Gler meg!

Ei skummel bakgate i Stockholm, som kanskje ikkje er så skummel likevel. Kjelda til biletet ligg her.

9. juli 2009

Sannkjenning

Livet er for kort til å ikkje ta i bruk alle fargane i regnbogen i klesvegen. Eg utvidar repertoaret mitt. No er det slutt på å kjøpa berre grønt, blått og turkis! Eg trur jo framleis eg har raudt hår, og at eg difor ikkje passar i raudt, lilla, ferskenfargar, osv. Men sidan alle påstår eg har blitt blond, tek eg sjansen på å vera litt kreisi. Biletet lyg litt, for sjalet er lyselilla og ikkje rosa, som det kan sjå ut som – men det er nokre rosa blomar der, då. Eg må berre understreka at rosa er akseptert i smååå mengder, så lenge det ikkje er ein dominerande farge. Rosa er vi imot, på eit generelt grunnlag.

8. juli 2009

F E R I E !

Kva er betre enn ferie? Jau, å oppdaga gigantiske reklameplakatar på nynorsk på kvart eit gatehjørne i hovudstaden. Denne fann eg like ved politistasjonen på Grønland, mangfaldsmekkaet. Lerum er og blir best! Det er jo litt slik at éin reklameplakat ikkje er så veldig imponerande (sånn som Sæthrekjeks sin Bokstavkjeks-reklame). Men Lerum meiner det verkeleg! Dette VIL dei! ALLE reklameplakatane er på nynorsk! Eg bøyer meg i støvet. Og sjølv om eg ikkje er fan av kjøpesaft og kjøpesyltetøy, er det nesten sånn at eg kjøper Lerumprodukt berre fordi dei er så greie.