30. juni 2009

Lukka er

  • å gå i bikini frå tidleg om morgonen til eg stuper i seng lenge etter midnatt

  • å eta jordbær

  • ... hm, denne gleda er det manko på i oslokvardagen, nemleg båtturar til holmar og skjer som ein har heilt for seg sjølv. Men heldigvis er det berre å gle seg til heimreise om nokre veker!

26. juni 2009

Hæ???!!!

Det var det første eg sa i dag tidleg då eg såg overskriftene om at Michael Jackson var død. Pressa kjem vel til å fråtsa i spekulasjonar dei næraste vekene, can't wait ...

Dei første vage minna mine om Michael Jackson er at han reklamerer for Pepsi, og at han seier han vil bli nedfrosen etter at han er død for å bli forska på. Trur det var i 1988.

Eg skreiv særoppgåve i musikk om Michael sånn omtrent i 1989, hugsar eg. Eg skreiv oppgåva saman med Kamilla, og eg hugsar at vi hadde sånn før- og etter-bilete av andletet hans, og at vi skreiv at han nekta for at han hadde operert kløft i haka. Eg hugsar at eg så gjerne ville tru på han ... men det var litt vanskeleg. Og det blei vanskelegare og vanskelegare med åra ...

Det næraste eg har vore Michael, var då eg var i Salvador (Brasil) i 1996. Då gjekk vi rundt i dei same gatene der Michael nettopp hadde spelt inn den siste musikkvideoen sin, saman med unge og vaksne knytte til kulturorganisasjonen Olodum, som arbeider mot rasisme, særleg rasisme som råkar afro-brasilianarar. Vi var der nettopp for å vitja Olodum, og dei snakka mykje om denne musikkvideoen, som veldig mange hadde vore med og spelt inn. Vi møtte ein liten gut som hadde vore med i videoen (eg tok eit bilete av han, til og med), og som hadde fått skikkeleg heltestatus i ettertid. Han såg ut som ein liten Michael look-a-like, med mørke solbriller og rasta-aktig hår og det heile. De ser eit glimt av han etter 5.31 minutt i videoen, som ligg her. (Og eg kjøpte sjølvsagt Olodum t-skjorte, lik den eine som Michael har på seg i videoen.)

Men favorittlåta er uansett denne.

24. juni 2009

Etterlysing

Så fine traktorar bør nok tjorast godt fast her i storbyen. Dei veks ikkje akkurat på tre, så dei er nok attraktive for traktortjuvane ved Oppsal-senteret, der plakaten hang på ein trestamme. Eg skal halda augo opne, i alle fall. Er litt nyfiken på finnarlønna.

Den nye dama mi!

Eg vakna i dag tidleg av songane hennar på hjernen. Eg trur eg høyrde litt for mykje på henne i går kveld. Her kjem to av dei herlege låtane hennar:



23. juni 2009

Sankthans

... eller jonsok, då, er det i dag.

Det gjekk ikkje opp for meg før seint i ettermiddag at det var den dagen i dag. Slik går det når ein ikkje bur heime lenger. I barndommen var St. hansaftan ein viktig dag. Då var skulen akkurat slutt, og det var bålbrenning neri fjørå, eting og atter eting, bållukt av klede og hår, og det var lov å drikka Solo. Eg har eit Solo-biletprov liggjande ein plass, men finn det ikkje nett no. Difor dette fotoet i staden, teke av pappa på 60-talet ein gong. Eg trur det er St.hans, men er ikkje heilt sikker. Himmelen brenn, i alle fall. Dårleg kvalitet på skanninga, men stemninga er nok mogleg å ta til seg likevel. Det er båttur uti havgapet, mat i kjølebag og på svaberg. Sukk, ekte nostalgi!

15. juni 2009

Prosjekt spinatsuppe

Spinatsuppe er sunt. Det har eg lært av Skipper´n. Så då vi oppdaga fersk spinat på Smart Club som lokka med oppskrift på baksida av posen, gjekk vi sjølvsagt rett i garnet/baret. Dette var oppskrifta:

Eg vurderte faktisk å senda eit aldri så lite klagebrev. Ikkje først og fremst på grunn av alle orddelingsfeila og andre openberre rettskrivingsfeil (det krev eit eige brev), men på grunn av sjølve oppskrifta. Dette er nokre av dei mange spørsmåla som melde seg undervegs i matlagingsprosessen:
  • Det står at ein treng 300 gram spinat. Posen var på 250 gram ... Salstriks eller rett og slett dårleg planlegging? Vi la ikkje merke til det før vi kom heim, men 250 g gjekk jo fint det òg (... det blei ikkje akkurat mangel på spinat, jf. biletet nedanfor).
  • Kva er forskjellen på "Fersk basilikum" og "1/2 potte basilikum"?
  • Kor mykje er "2 1/2 cremefraice"? Er det 2 1/2 boksar, skeier, dl ...?
  • Kvifor må spinaten "tørkes tørr med husholdnings papir" når han likevel skal oppi suppa og bli våt som berre det?
  • Kvifor må eigentleg "cremefraiche" og kvitvin blandast med ein stavmiksar? Poenget er vel at ingrediensane berre skal blanda seg, og det går jo fint med å berre røra dei saman. Eller var det meininga å vispa blandinga ei stund, slik at han blir "luftig", som det står i overskrifta?
  • Eg forstod ikkje heilt poenget med å varma oljen "til den svir en fyrstikk". Korleis gjer ein det? Skal ein halda fyrstikka over oljen og venta på at ho blir svidd? Eller tek fyr?
  • Vi følte vel eigentleg at det blei litt ekstragavant å pynta suppa med fersk basilikum i og med at ho blei sjåande slik ut (vi hadde oppi pinjekjernar pga "tips" bakpå posen):

... men eg skjønar jo at det gjer seg med litt basilikum på toppen dersom det var meininga at suppa skulle sjå slik ut (!!!):


  • Ja, og då lurar vi alle på: kvar har det blitt av spinaten (3o0 gram, faktisk)???
Suppa var eigentleg god på smak (smakte fiskesuppe), men det var litt vanskeleg å få i seg spinatblada utan å splætta suppe over heile seg. Og spinaten smakte eigentleg ikkje så mykje. Men det funka bra med kvitvin til. Og pinjekjernane var uunnverlege (kvifor kunne ikkje dei vore ein obligatorisk del av oppskrifta?). Og trass i trongen til å skriva eit aldri så lite brev til produsenten, Elstøen gartneri, trøysta vi oss med at det i alle fall var sunt!