28. februar 2009

Tilbake til 70-talet

Ingen tøystoff anno 2009 kan måla seg med dynetrekkstoffa frå 70-talet. På fine, fine Sømmelig er det mogleg å kjøpa gamle dynetrekk og putetrekk, og i tillegg kan ein gå på sykurs i dei same lokala og læra å sy klede av dei herlege tøystoffa. Her om dagen var eg på kurs der (i søm av barneklede) halde av ei som kan sine sysaker, og dette blei resultatet:

Herleg, ja? Det er ein kjole i storleik 2.5–3 år, noko eg ikkje heilt kan forstå, for eg fekk han på meg før eg sydde i strikka (passa meg som bluse, ikkje kjole, altså;-)). Det er med andre ord ein veldig baggy kjole for ein liten unge, dette, men det er jo eigentleg berre fint. Eg sleit ganske mykje med å sy i strikken rundt halsen. Hadde aldri gjort det før, og det var vanskelegare enn eg trudde. Så halsstrikken blei ikkje så veldig fin, men då lærte eg i alle fall kva det innebar å sy i strikk! Kjekt å vita til ein annan gong.

Sukk, eg berre elskar dei gamle dynetrekka frå 70-talet! Dei er mjuke og gode å ta i etter mange års bruk og perfekte å sy nye plagg av så lenge dei ikkje er tynnslitne. Fargane er uimotståelge, og mønstra er elleville. Eg har ein plan om å snoka i skåpa til mamma og pappa, for eg trur det gøymer seg mange slike skattar der.

Med det same vi er inne på kreisi fargar: eg trur eg er inne i ei oransje bølgje for tida. Her er eit glimt av strikkeprosjektet eg held på med nett no:
Det er altså noko til meg sjølv, og eg vonar eg rekk å bli ferdig slik at eg kan gå med plagget før våren kjem. Nett no sit eg og ser ut på den strålande sola og snøen som smeltar, så det ser ikkje heilt lovande ut. Og i morgon er det jo 1. mars og alt! Nei, strikkesesongen nærmar seg slutten. I mars skal eg starta sysesongen for alvor!

24. februar 2009

Ein milepæl

Etter å ha kjøpt meg splitter nye ski har eg gått på ski for fyrste gong på 13-14 år (eg hugsar ikkje om førre gongen var i -95 eller -96)!

Oppsummering:
  • Det er framleis artigast å renna ned.
  • Og det er framleis artigast å skøyta framfor å gå i skisporet.
  • Ski er framleis bakglatte. Grrr ....
  • Ny oppleving: Det er upraktisk å ha med spegelreflekskamera (difor blir det mobilbilete i staden. Teitteitteit)
  • Det er upraktisk med stavar som sit dønn fast i hendene. Eg kjøpte sånne stavar som ein klistrar fast til hendene. Vanvittig teit når ein skal ta bilete (med spegelrefleks), men veldig bra når ein skal skøyta.
  • Det er ei merkeleg kjensle å gå utan ski etter at ein har teke dei av. Men akk, så godt!
  • Kombinasjonen appelsin og ski har eg aldri forstått. Kliss og atter kliss.
  • Det luktar skismurning av kleda, håret, pusten ... ja, alt! ... medan ein går, sjølv om det ikkje kjennest ut som om det finst smurning under skia.
  • Eg må jo prøva å bruka skia litt no når eg har fått meg nye. Dei kan til dømes vera kjekke å ha når eg skal ein snartur på butikken:

17. februar 2009

Oslo frå si beste side


Dette biletet tok eg med mobilkameraet ein februarettermiddag i (minst) ti minusgrader. Eg stod ved operaen og beundra den blåraude himmelen og danskebåten og tenkte at dette ser jo slett ikkje ut som Oslo. Det var noko vestlandsk over det heile. Dei einaste lydane eg høyrde, var danskebåten som tuta i det han tok laust og ei mannerøyst som snakka over høgtalarane om bord (ja, eg høyrde røysta så langt unna!). Eg såg føre meg alle dei frosne danskane om bord som sikkert gledde seg til å vera framme i litt varmare strok, og eg merka at eg var litt misunneleg, sjølv om eg var vitne til at Oslo synte seg frå si beste side.

13. februar 2009

Kjoledraum

Denne kjolen var dritfin! Han er både tøff og søt. Tøffsøt! Herleg snitt, fin krage og fine puffermar. Vil ha sommar. No.

(Kjolen er frå Wetseal.com.)

11. februar 2009

Enkelt og godt

Når ein kjem heim kl. 21.30 om kvelden etter ein lang dag på arbeid utan eit einaste varmt måltid, etter ei hard treningsøkt, og det er ti minutt til Frustrerte fruer byrjar, er dette den perfekte retten å tylla i seg (framfor tvn). Retten omfattar altså:
  • heimelaga kaksjiver med mykje sunt og godt i
  • tjukt lag med Bremykt (som smeltar med det varme oppå. Nam!)
  • ein diger haug med steikt vårlauk og asparges
  • to steikte Lofoten fiskekaKer (takk, Elledille:-)), ev. så mange ein ynskjer (NB! Dette er dei einaste fiskekakene med FISK, utan tilsetjingsstoff og annan unødvendig drit. Kåra til dei sunnaste fiskekakene i NRK Puls)
  • to fine dæsjar med Heinz økologisk tomatketsjup
  • eit stort glas vatn er perfekt til, ev. kan ein skeia ut med mors heimelaga, nesten (helst) usøta saft, dersom ein har det

2. februar 2009

Økoleiker

Å, sjekk da! Økoleiker er jo berre SÅ mykje søtare enn andre leiker. Mjukare er dei òg.

Øko-esel

Øko-gris

Øko-løve

Øko-gås

Eh ... øko-tomaten var ikkje så fin, då. Men veggisar elskar han sikkert. (Står at det er er veggie toy på nettstaden.)

(Bileta er frå Maple Grace)

1. februar 2009

Eit langvarig strikkeprosjekt i mål!

Ein skulle kanskje ikkje tru at det ville ta så veldig lang tid å strikka ein jakke i den mikroskopiske storleiken 3 md. Vel, eg har no innsett at det kan ta veeeldig lang tid. Eg har omsider blitt ferdig med ein omslagsjakke i storleik 3 md som eg byrja å strikka 1. januar (og eg har strikka ca. kvar dag sidan då, altså). Juhu!!!

Det som gjer at omslagsjakke er så tidkrevjande å strikka, er at han er tredobbelt så brei som ein vanleg jakke ... det var det eg ikkje heilt hadde forstått då eg byrja. Eg strikka med Nøstebarn-garn, og oppskrifta er frå Strikk til nøstebarn.

Her ser vi det inste laget med dei inste snorene.

Og her er jakka når begge laga er bretta på plass.

Og til slutt - tada! - den ultravesle, dritsøte 10-dagar gamle jenta som jakka var til (jakka skulle vera ferdig til fødselen, men det gjekk ikkje, nei ...) Jakka ser lita ut på biletet, men ho er faktisk ikkje det, altså (ligg litt samankrulla). Jenta, derimot, er veldig lita.