27. desember 2008

Ikånnjgenser i mål!

I oktober fall eg pladask for denne genseren. Og no er eg i mål! Det står att å festa ein del lause trådar, men eg har sydd saman det som må syast saman, så han er så å seia ferdig. Det ser kanskje ut som om det er vanskeleg å strikka han, men det var faktisk veldig greitt. (Sjølv om eg er glad for at han ikkje var større.) Takk til Dalegarn for gode forklaringar i oppskrifta! Og til mamma, som forklarte meg korleis nøttene skulle strikkast. Trass i at eg ikkje likte det glatte garnet og dei tynne pinnane, likte eg i alle fall mønsteret! Detalj:

10-årskalenderen min

Eg har ein 10-årskalender. Ein 10-årskalender er rett og slett ei ganske tjukk bok der det er sett av tre linjer per dato i ti år til å skriva kva som skjedde den aktuelle datoen frå år til år. Det som er bra med den versjonen eg har, er at det er sett av èi side per dato, slik at det er lett å sjå kva ein gjorde den same dagen for eitt, to, tre, osb. ... år sidan.

Om fem dagar har eg skrive ut 10-årskalenderen min - ei bok eg altså har skrive i kvar dag i ni år (eg fekk boka jula 2000 av mamma, og ho hadde kjøpt boka på halv pris pga. at 1999 var over og boka varte frå 1999-2008). Kvar kveld, rett før eg skal sløkkja lyset og sova, har eg skrive tre linjer i boka. Dette har eg funne ut:

Eg gløymer kva eg gjorde i går! Eg har funne ut at det er lurt å skriva kvar kveld, sjølv om klokka er 03.00 og eg er stuptrøytt. Zzz, eg skriv i morgon, tenkjer eg, og trur at det er lett å hugsa kva som skjedde den dagen. Men vips! Neste dag er førre dagen gløymd! Eg hugsar ikkje vêret ein gong. Og eg må spørja meg fram for å bli minna på kva som faktisk skjedde.

Tida går veldig fort! Inga bombe, men no ser eg det tydelegare. Det kjennest ut som om eg byrja å skriva i kalenderen for to år sidan. Og når eg skal slå opp for å sjekka kva dato og år noko skjedde, må eg ofte fem år tilbake i tid, sjølv om eg trudde det skjedde det førre året.

Vêret er ganske likt den same datoen frå år til år! Dette overraskar meg sidan eg ofte tenkjer at slik vêret er I DAG var det i alle fall ikkje på denne tida i fjor! Men så var det altså det likevel, ser eg når kvelden kjem og eg skal skriva i boka.

No må eg altså kjøpa ein ny 10-årskalender. MEN: 10-årskalendrar er ikkje enkle å oppdriva lenger. (Det er jo eit dårleg teikn at kalendrane vart selde til halv pris for ni år sidan ...) No produserer dei berre fem-årskalendrar med dårleg bladbunad, med alt for stor plass til å skriva vêret på og med alt for stive permar (lite funksjonelt når ein skal skriva i boka på senga kvar kveld). Difor har eg no måtta googla etter 10-årskalendrar i andre land: Sverige, Danmark, USA, Storbritannia, Spania og Tyskland. Eg er ikkje imponert over det eg finn. Men eg har ein favoritt så langt: den tyske 10-årskalenderen! Her er det eit blankt felt til kvar dato, utan eige dustefelt til å skriva vêret på, nøktern og fin design ... alt er bra. Bortsett frå prisen: 54 EURO! (over 500 kr!) Gulp, altså. Det blir for dyrt når det er netthandel. Så no veit eg ikkje heilt kva eg skal gjera. Eg merkar at det er vanskeleg å tenkja seg korleis livet utan ein 10-årskalender blir. Det går berre ikkje. Eg må nok kladda dei første dagane i januar heilt til eg har funne den optimale løysinga.

21. desember 2008

Laserdans

Dersom eg var tjuv, ville eg helst ha vore ekspert på det vi ser i denne snutten: laserdans. Snutten er frå filmen Ocean´s Twelve, filmen om dei tolv tjuvane som er ekspertar på kvar sine felt, som er sympatiske og kule, og som gjer alt det kule til diggbar musikk. Dette er favorittscena mi frå filmen, utan tvil. Song: The a la Menthe med Nikkfurie.

18. desember 2008

Siste innspurt


Eg pakkar pakkar, skriv kort og brenn adventslys for harde livet. I morgon skal eg setja meg på toget til Trondheim og strikka dei siste gåvene. Det blir kjekt!

6. desember 2008

Kunst


Ja, snøen har brukt dei siste dagane på å laga små kunstverk ute på verandaen. Kan jo ikkje ta ned blomekassane då? (Det finst alltid ei god orsaking for å ikkje gjera det ein ikkje orkar.)

Dette minner meg om at eg må baka brød snart: